torsdag 29. september 2011

Kalenderen...



...viser haust,
men gradestokken viser sommar.


Det ser utsom om årstidene har gått litt i surr :)
Men me kan ikkje klaga.
Etter alt regnet som har bøtta ner,
er det godt å få tørka litt.


Sjølv tok eg kamera med ut på skogstur
for å knipsa litt vakre fargar i sola.


Det er godt å endeleg få nokre etterlengta sommardagar.
Gradestokken viser 21 grader,
og det er berre utruleg herleg!!!




Ønskjer alle ein fantastisk
sommarsleg haustdag :)




Klem frå Christine


 

tirsdag 27. september 2011

La det bli lys..



Haust betyr mørkare kvelda.
Då er det bra med inspirasjon frå boligmessa.
For der bugna det av lykter og lamper.

(ser ein plante i ei gryta har sneke seg med..kul idè)


Eller kva med ein heil hest..?




Ønskjer alle ein lysande tirsdag ;)



Klem frå Christine



søndag 25. september 2011

Interiør og boligmesse



I går var eg (og nokre fleire 1000) på interiør og boligmesse.

Dagen starta med bloggefrukost for eit titalls bloggere.
God mat, mykje prat, enkel dekorasjon og sofaprat med
kjente interiør bloggere.


Messa hadde noko for ein kvar smak.
Anten ein vil halda fast på sommarens pastella...


...eller innser at hausten er komen for å bli.
Gode putar, lune pledd, lykter, levande lys, haust blomar 
og det som høyrer med til kjøligare dagar.


Kvelden blei avslutta med bloggetreff,
Her var me 15 bloggara som møttes for meir prat og god mat :)
(Har desverre ikkje bilete frå treffet..)


Håpar at du fekk ein liten smakebit av alt det flotte som
var samla på  "eit brett".

Kjem nok eit innlegg til frå messa,
for her var det mange godbitar :)



Ønskjer alle ein haustleg og fin søndag!




Klem frå Christine






fredag 23. september 2011

Interiør og boligmesse i Bergen




Denne helga er det mykje spennande som skjer i Bergen.
Den største happeningen,
 er nok interiør og boligmessa i Grieghallen.




Eg skal vera med på frukost saman med mange bloggere.
Så blir det ein spennande tur på messa,
før mange bloggere skal treffast att på kvelden :)

Så her er det berre til å fylla lommeboka med visa kort og masse peng!! ;)


Skal du på messa..?



Ønsjker alle ei toppers helg!!


Klemma frå Christine




onsdag 14. september 2011

Vindauge



På loppemarked kan ein finna mykje fint og løye.
Eg var så heldig å finna eit gammalt fjøsvindauge på loppemarked i sommar.
Hanepane rista på hovudet og skjønte ikkje kva eg skulle med da..


Men saman med ein litt slitt Madonna figur,
nokre sneller og former,
synest eg det blei bra på hylla i stova.
Hanepane måtte faktisk sei seg einig :)


Rusta og slitt,
akkurat slik eg likar det :)



Til helga startar loppe sesongen,
og eg gledar meg!!





Haustklem frå Christine 







tirsdag 13. september 2011

Loppefunn




Det er ikkje nokon hemmelighet at eg likar å gå på loppis.
Sommaren 2011 var ingen unntak!


Denne vekta ropte på meg!
Alle dei fine tinga på vekta, og emmalje koppen er funn frå i sommar.
"Fruktskåla" e kjøpt på ein bruktbutikk i Købenahvn.
Syns desse tinga var så fine saman :)


Lin handklede hadde grønt monogram og broderi.
Uvanlig og fint.





Ønskjer alle som er innom ei fortsatt god og fin veka!




Klem frå Christine






søndag 4. september 2011

"Takk for meg"...



....seier sommaren.
Med sin siste pust lar den dei siste blomane bløma.




"Her kjem eg!", seier hausten.
Med sine vakre fargar gjer den sitt inntog.




Raudt, gult og orange er vakre fargar.
Snart kryr det av dei skog og mark.
Kveldane er allereie vorte kortare...



Ønskjer alle som stikk innom ein flott søndag :)



Klem frå Christine






fredag 2. september 2011

Gjenbruk



Gjenbruk har vorte ganske populært i den seinare tid.
Og det er vel i grunn ikkje ein ting som ikkje kan brukast på nytt.
Eg likar at ting kan brukast på nye måtar.
Som dette feiebrettet.


Det har vorte eit Velkommen skilt.
Pynta med eit heime-sydd hjarte,
ønskjer det alle våre gjestar velkommen.


På ein liten kjøkkenvegg heng to gamle hyller.
Dei er pynta med gamle krukker, mugger, Norges glass og bruktfunn.
Ser du den  gamle emmalje silen..?


Den er no brukt som telysestake,
og er pynta med ei tørka rose og små konglar.

Eit gammalt fint brett kan også brukast på nye måtar.


Eg hengte det på veggen,
limte nokre små stoff blomar på små magnetar,
og så hadde eg ei oppslagstavle.
Den kan brukast til små hukse lappar,
eller gamle bilete :)


Det er berre å bruka kreativiteten og tenka nytt!



Ønskjer alle ei strålande haust helg!



Klem frå Christine



LinkWithin

Related Posts with Thumbnails