...har gjort sitt inntog på vestlandet.
Til tross for 18 grader ute,
plaskar regnet ned, tåka ligg lavt og det er mørkt og trist.
Eg er ein av dei som likar hausten.
Dugg dråpar i graset, kald luft som "stikk" i nasen,
regn og vind som piskar mot ruta.
Men så er det mørket..
Jovisst er det koseleg med levande lys, fyr i peisen og innekos.
Men dagane er jo so korte frå før...
Men i haust kan eg gleda meg over å sleppa medisin og behandling!!
Eg kan sjå fram til ein haust med frisk luft og
gåturar i skog og mark.
Eg kan legga den harde tida bak meg,
og sjå framover mot nye tider.
Jovisst er hausten ei fin tid :)
Heng håpet på veggen
Heng håpet på veggen som vakre bilete
å kvila augo på.
Ei strand, eit fjell, ein draum.
Enno er noko att, uoppdaga, uutforska.
Enno ventar lysande gleder.
- Bente Bratlund Mæland -
Ønskjer alle ei fortsatt god helg!!
Klem frå Christine