fredag 28. oktober 2011

Ut på tur aldri sur :)




Eg har hatt nokre herlege dagar i København!!
Avslapping, god mat, gåing og shopping.
Butikkane var prega av haust, vinter og faktisk JUL.
Eit tema som gjekk att var natur.


Elg, ekorn, ulv, reinsdyr, ugler, horn,
barke lys, barke lykter, korger,
greiner, tre og kongler.


Julekuler, puter, bilete, håndkle.
Alt var prega av naturen.
Kva med eit "tre" i stova..?
Artig og kreativt :)



Masse inspirasjon blei med heimatt,
og sjølvsagt mykje fint ;)



Ønskjer alle ei flott helg!



Klem frå Christine



fredag 21. oktober 2011

Bloggtørke og diverse plager..



No har det vore stille her hjå meg ei stund..
Det har gått i eitt her i redet,
og "ei ulykke" kjem sjeldan aleine..
Eg hadde min siste cellegift 06. september,
feira og såg fram til haust og vinter.


To dagar seinare fekk eg veta at eg har fått lymfødem i høgre arm..
Eg som trudde at dette skulle bli min haust,
måtte igjen innstilla meg på jevnlige behandliger..
Dette er ingenting farleg,
men berre forferdeleg nertur...


Foruten mine plager,
ektemenn på legevakt med hol i hovudet,
kneskada gut,
og gut med Donald kul i hodet,
går dagane fort (og gale) her i redet ;)


Det er difor godt å få nokre dagars avbrekk i København!!!
Eg reiser tidlig tidlig i morgontidleg.
Det skal bli godt med dagar der eg skal slappa av og kosa meg :)

(Dagens bilete er henta frå Københavnturen eg og min kjære hadde i vår.
Og som de ser, so koste eg meg då og;))


Ønskjer alle som er innom ei strålande god helg :)



Klem frå Christine



onsdag 5. oktober 2011

Haust



Regnet høljar ner.
Gradestokken viser haust.
Men det gjer ingenting :)
Eg likar hausten,
og tar gjerne naturen med inn.


Kongler er fylt i diverse korger.
Levande lys overalt om kveldane.


Litt nye puter har komt i hus.
For tida går det i brunlege tonar.



Ønskjer alle ein fin haustkveld :)



Klem frå Christine




LinkWithin

Related Posts with Thumbnails