lørdag 27. august 2011

Hausten...




...har gjort sitt inntog på vestlandet.
Til tross for 18 grader ute,
plaskar regnet ned, tåka ligg lavt og det er mørkt og trist.




Eg er ein av dei som likar hausten.
Dugg dråpar i graset, kald luft som "stikk" i nasen,
regn og vind som piskar mot ruta.
Men så er det mørket..
Jovisst er det koseleg med levande lys, fyr i peisen og innekos.
Men dagane er jo so korte frå før...




Men i haust kan eg gleda meg over å sleppa medisin og behandling!!
Eg kan sjå fram til ein haust med frisk luft og
gåturar i skog og mark.
Eg kan legga den harde tida bak meg,
og sjå framover mot nye tider.
Jovisst er hausten ei fin tid :)




Heng håpet på veggen

Heng håpet på veggen som vakre bilete
å kvila augo på.
Ei strand, eit fjell, ein draum.
Enno er noko att, uoppdaga, uutforska.
Enno ventar lysande gleder.
                                                   
                                                                         -  Bente Bratlund Mæland -





Ønskjer alle ei fortsatt god helg!!



Klem frå Christine








tirsdag 9. august 2011

Blomsterplansje



Plansjer har lenge stått høgt på ynskjelista mi
Aller helst blomster og plante plansjer..
På eit av mine handle eventyr i ferien fant eg endeleg ein!
Eg var innom den flotte butikken Othilies gårdshandel.
Er du i nærleiken av Stavern,
du ta avstikkaren til denne vetle og sjarmerande butikken!!
(kamera var sjølvsagt tomt for batteri, så eg fekk ikkje tatt nokre bilete..)


Ein flott madonna figur fant eg også på gårdshandelen.
Den har forløpig fått plass i ein liten gammal trekasse,
saman med gamle lin servietter, putetrekk og ei gammal flaska.



Bloggelysta er ikkje på topp for tida,
men håper at den kjem gradvis tilbake utover hausten.
Har masse eg har lyst å visa deko,
så får berre ta tida til hjelp :)


Ynskjer alle som ei tipptopp veka!!



Klemma frå Christine



tirsdag 2. august 2011

Noko godt



Når ein er på ferie i Danmark,
kan ein umulig komma tomhendt heimatt.
Det gjorde iallefall ikkje eg ;)
Eg fekk med meg to bruktmarked,
og har fått tak i MASSE fint!!
Men også noko godt blei med heim.


Den etterkvart så kjente limonaden har eg sett etter lenge,
men fytti for nokre prisa eg har sett den til...
Men på ein daglegvare butikk i Hobro hadde de den til 29,- pr. flaske!!
Den søte sukkerskåla er arvegods.


Store danske kyss måtte og få vera med heim.
Eg klarar ikkje å ete dei,
men dei er jo kjempe fine som pynt :)


Dette fine serviset frå Figgjo har eg fått av snille Solveig,
ei venninna av mamma.
Ho skulle kvitta seg med det og tenkte på meg!
Heldige meg :)


Det går trott med blogginga for tida.
Og som for så mange andre i dette lille land,
har fokuset vore på dei tragiske hendingane i Oslo og på Utøya.
Kvardagen kan fort endra seg..
Alle mine tankar går til alle dei som er berørt av hendinga.


Ønske alle ein flott sommardag!!



Klemma frå Christine



onsdag 27. juli 2011

Verdens auge...



...er retta mot Norge.
Det lille landet langt mot kalde nord.
Dei siste dagane har prega heile Norge,
og verden ser med beundring på det lille landet.
I staden for å visa hat og bitterhet står me saman.
Me viser kjærleik, omsorg og medfølelse.


Mange har lagt ner blomar og tent lys,
me har gått i fakkeltog og holdt appellar.
Sitatet frå ei ung jente er vorte kjent verda over:

"Viss ein mann kan vise så mye hat,
tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise sammen."





Ta vare på kvarandre også i kvardagen.




Klemma frå Christine



lørdag 23. juli 2011

Uverkeleg.....



Me er framleis på ferie i Danmark.
Me har kost oss kjempe masse!
Men å sjå på de som no har hendt der "heime",
er berre heilt uverkeleg...
Det mange frykta kunne skje i vetle Norge, har hendt.
Tankane går no til alle dei etterlatte.
Det er no me verkeleg må står saman.



Klemmar frå Christine


onsdag 6. juli 2011

Ferietid!!



Gradestokken viser heile 26 grader i skyggen!!
Sola fer titt og ofte bak ei  sky.
Det er deilig på terrassen.
Endelig kan me nyta litt sommarfølelse :)


Eg pakkar i bilen.
I morgon reiser "Familienkork" på ferie.
Nesten tre veker ute av redet..
Det skal bli godt.
Satsar på toppers sommar vêr!!
Blir kanskje eit og anna innlegg på bloggen,
kven veit ;)


Håper alle nyt sommaren,
anten det er inne eller ute :)

(Bileta er frå årets Kypros tur)


God sommarferie folkens!!!



Klemma frå Christine




torsdag 30. juni 2011

Badet vårt...



...er eigentleg altfor lite.
Sånn sett er det bra me har tre gutar og ikkje tre jenter... ;)
Men sjølv om det er lite,
treng det ikkje vera overfylt og rotete.


Etter snart fire år i huset,
har eg endeleg fått opp gardiner.
Kvite og lyse med skjønne små broderier og blonder.
Litt blomster og pynt må badet ha og ;)


Norgesglass til tannbørster og lys,
og sjølvsagt fine og dekorative såper.


Sidan bade er så lite,
har organisering av oppbevaring vore ei utfordring.
Men no har ei lav Billy bokfylle frå IKEA fått plass attmed toaletten.


Hylla har fått eit forheng av kvitt stoff og påsydd blonde.
Greit å kunna skjula klede og rot ;)


Oppå hylla er det sjølvsagt plass til litt meir pynt :)



I morgon skal eg på 1. årskontroll på Haukeland..
eg gruer meg litt og er spent..
Men så er det og ferie nokre timar seinare :)


Ha ein finfin torsdag alle saman!!



Klemma frå Christine




tirsdag 28. juni 2011

Klar som eit egg



Til hausten byrjar mellomstemann på skulen.
Han er klar som eit egg og gledar seg :)
Eg syns sjølvsagt at han kunne ha venta litt,
og vore liten og uskuldig nokre år til...


For nokre dagar sidan lurte han fælt på kor han skulle gjera leksene sine.
Storebror har jo skrivebord på rommet sitt,
men kor i all verda skal han ha sitt..
Han deler rom med lillebror som er "sjukeleg" opptatt av
Sabeltann og andre piratar,
og kastar pirat effektar over alt..
Og medan storebror er "sportsidiot", minstemann pirat,
so er mellomste den kreative.
Den som kan sitta roleg meir enn to minutt i strekk..
Den som kose seg med lego, klipping, liming, glitring, teikning og skriving. 


Men ein kveld slo løysinga ner som lyn frå klar himmel.
Sjølvsagt! Dette blir perfekt!!
For ut i den smale lange gangen, har eg eit lite bord.


Eg sendte hanepane og guttane ut.
Og tipp om mellomste blei fornøgd då han kom att!!
Ved dette bordet kan han kreere og kose seg.


Minstemann blei også nøgd.
For eg hadde samla dei mest brukte pirat tinga i umiddelbar nærleik.
Her er det berre til å gå til angrep når han set foten ut av senga ;)


Boksar med diverse fargeblyanter, limstift, sakser, glitter og "stæsj".
Lampen er ein retrolampe kjøpt på loppis i Køben.
Penalet og "Kypros boka" kjøpte han for eigne pengar då me var på kypros.
Han kosa seg med teikning ved bassengkanten :)
(Jammen meg blei detta eit langt innlegg...)

Jammen veks dei altfor fort desse håpefulle små...


Ha ei riktig god natt!


Klemma frå Christine



onsdag 22. juni 2011

Prosjekt striesekk



For ei stund sidan fant eg ein striesekk.
(sorry, svigers..viss de ser at da mangle ein frå loftet på skykka,
so veit de no kvar den er..)
Jippi!! Tenkte eg.
Har jo sett på mange blogga og i blad at desse kan bli fine kreasjonar.
So eg tok fram symaskin og diverse eg tenkte eg kom til å få bruk for.


Planen blei lagt.
To puter skulle lagast.


Etter ein del klabb og babb-
for eg har aldri laga striesekke puter før..
var resultatet to nesten like puter.


Litt skjønnhetsfeil her og der,
men kven er vel perfekt..?
Blei fornøgd eg :)



Ønskjer alle som er innom ein finfin onsdagskveld!



Klemma frå Christine




tirsdag 21. juni 2011

Sommar og hundekjeks



Dagen i dag har berre vore heilt utruleg!!
Om det er fordi eg har knaska hundekjeks..?
Nei, langt i frå!

I eit sausenebb på skjenken i stova

Men me har hatt ein smak av kva sommaren kan by på.
Sol, varme, t-skjorte..
I love it!!

I ei gammal mugge på kjøkkenbenken

Eldstemann og eg er aleine heime nokre dagar.
So i dag for me inn til Bergen sentrum for å "snuse" litt på livet.
Og jøsses so turistane koste seg!
Reker, laks, kreps og andre godbitar for ned på høg kant på Bryggen.
Sjølv åt me på MC Donalds..
Men tok ein is ute i den herlege sola.
I eit glas på "benken" på badet

På gåturen heimatt frå toget,
plukka me ein bukett med herlege hundekjeks,
storknebb og smørblomst.
Dei gleder oss no rundt omkring i huset :)
Før syns eg hundekjeksen var ugras,
Medan no tykkjer eg dei er sommarslege og fine.


Ønskjer alle ein flott sommarkveld!!



Klemma frå Christine



LinkWithin

Related Posts with Thumbnails