tirsdag 28. august 2012

Stille..

 
 
Det har vore ganske stille her ei stund no.
Sommartida betyr vel bloggtørke for fleire enn meg..
Men no har haustregnet inntatt Bergen,
og då håpar eg på meir tid til innekos :)
 
 
Ferien i år har vorte tilbrakt i campingvogn.
Fire veker på liten plass.
Innanlands og utanlands.
Me har storkost oss!!!
 
 
No har kvardagen innhenta oss lite,
og nye og gamle rutiner må plass.
I år har minstemann byrja på skulen,
og ein ny milepæl er nådd..
Tre skuleguttar, tre fotballguttar.
Både vemodig og godt.
 
 
 
Sjølv skal eg gjennom noko "stort", spennande og viktig,
men dette kjem eg tilbake til i neste innlegg :)
 
 
 
Ynskjer alle ein finfin tirsdag!!
 

 
Klem frå Christine
 
 
 
 


tirsdag 26. juni 2012

Lykke..



..er ein kopp kaffi med gode venninner.
Lykke er sol og sommer.
Lykke er blomster.
Lykke er å ha ei hand å halda i.
Lykke er friske barn.
Lykke i dag er eit nytt bord.



Ein svipptur til ei bloggevennina
resulterte i dette nydelege bordet.
Flotte marmoreringer,
og passe stort til ein liten krok.



(Jada, peonene er litt visne og ramma er tom,
men kven har tid til å endra på slikt når ein føler lykkerus...)



Ynskjer alle ein lykkeleg dag!!



Klem frå Christine




lørdag 16. juni 2012

Evanger...



..ein liten stad ein berre kjøre forbi.
Men det er absolutt verdt å ta ein stopp her!


Ta ein rusletur i gatene.
Du kan finne skjønne bakgårda.



Koslege haga.



Herskaplege inngangsparti.



Er du sulten kan du ta ein matbit på Patina.
Her kan du til og med kjøpa stolen du set på..



Så er du på veien forbi Evanger,
så ta ein stopp her :)



Ønskjer alle ei fortsatt fin helg!


Klem frå Christine



torsdag 7. juni 2012

Patina



I dag har eg vore på ein herlig-deilig tur!!
Ca. 1,5 time frå Bergen,
ligg Evanger.
Her har dei ei perle som heiter Patina.

  

Brukt, nytt, redesign,
god mat og drikka og herleg "vertsskap"!
Med toppers vêr og godt selskap,
var ramma lagt for ein perfekt tur!




Her var noko for ein kvar smak!
Etter ein fantastisk!! lunsj,
var det eit eventyr å rusla rundt å sjå seg om.
(Kjem bilete frå rusleturen ein an dag)


Så ta deg ein tur til Patina.
Du vil garantert ikkje angra :)



Ha ein fantastisk kveld!!



Klem frå Christine





tirsdag 5. juni 2012

Blått



Regnet slår mot ruta.
Godt vêr å vera inne i.
Tid til å ordna litt,
finna fram sommarlege detaljar.




Har kome nokre blå detaljar på kjøkkenet :)
Svalt og sommarsleg syns eg.




Bruktfunn og gåver.
Uansett fine skattar for meg :)

No ventar eg på at gradestokken skal krypa oppover,
slik at eg kan nyta sommaren ute og :)



Ha ein finfin tirsdag!!



Klem frå Christine




torsdag 31. mai 2012

Sommartider



Sommar, sol og varme
har prega den siste tida.
Deilig å ta på lettare klede,
kjenna solas varme strålar på kroppen.


Men sommartid betyr og bloggtørke...
Ser det er slik for fleire.
Sommarveret og dens herlegheiter MÅ jo berre nytast!!


Ein herleg bukett smørblomar
får lysa opp i dagens bruktfunn.
Gamle mugger med limonade eller blomar,
det vakraste som fins!



Nyt denne tida, folkens!!
Det er den "bestaste" og finaste som fins :)




Klem frå Christine



mandag 14. mai 2012

Lyspunkt



Det stormar ute.
Veret minner meir om hauststorm i oktober
enn kom mai du skjønne milde..
Då er det godt å kunna kvila augene.
Kvila dei på gamle skattar.




Denne gamle fjøslykta fant eg på loppemarked i Amsterdam.
Eit fint lyspunkt i "stormande" tide.
Fint stilleben saman med gamle bøker og litt vårteikn :)


Ha ei finfin veka!!



Klem frå Christine



mandag 7. mai 2012

Eg gjekk ein tur på stien..



..og søkte skogens ro..




Ein tur i skog og mark,
er rekreasjon på sitt besta!!




Å sjå naturens mange under
og nyta fuglesang,
er det "bestaste" som fins!




Om sola skin eller sluddet lavar ner,
er turen lika god.



For her finn eg sjelero!




Ynskjer alle som stikk innom
ein fantastisk fin mandag  :)



Klem frå Christine



torsdag 3. mai 2012

Loppemarked



Det har vore tida for loppemarked mange stader no.
Sjølv har eg berre fått med meg eit lokalt loppis,
men også eit marked utanlands :)




Chiffonflaska på bilete var eit av funna eg gjorde 
på markedet i Amsterdam.
Fargen er berre heilt nydelig!
Den grønne flaska med tinnbeslag og det lille skrinet,
fant eg på det lokale loppiset i helga.




Gjorde fleire funn både lokalt og utanlands,
men må spara noko til ein an gong :)

Dårlig med blogging for tida,
men lysta går opp og ner...



Ynskjer alle ein fin torsdagskveld!




Klem frå Christine



mandag 30. april 2012

01.mai!!



Innom for å ynskja alle ein finfin 01. mai feiring :)
Her skal den nytast ute i da fine veret me endelig har fått!!




Stille og rolig her på bloggen for tida, 
men mykje som skjer og den blir litt ner prioritert..




Men nokre fine daga i Amsterdam har hatt,
og dagens bilete er der i frå :)
Kjem fleire bilete etterkvart,
for sjølvsagt var eg på skattejakt!!




Ha ein toppers 01. mai!!




Klem frå Christine



LinkWithin

Related Posts with Thumbnails