Viser innlegg med etiketten København. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten København. Vis alle innlegg

fredag 28. oktober 2011

Ut på tur aldri sur :)




Eg har hatt nokre herlege dagar i København!!
Avslapping, god mat, gåing og shopping.
Butikkane var prega av haust, vinter og faktisk JUL.
Eit tema som gjekk att var natur.


Elg, ekorn, ulv, reinsdyr, ugler, horn,
barke lys, barke lykter, korger,
greiner, tre og kongler.


Julekuler, puter, bilete, håndkle.
Alt var prega av naturen.
Kva med eit "tre" i stova..?
Artig og kreativt :)



Masse inspirasjon blei med heimatt,
og sjølvsagt mykje fint ;)



Ønskjer alle ei flott helg!



Klem frå Christine



lørdag 9. april 2011

København, 4. og siste del...



..da har vorte litt masse København innlegg på bloggen no..
Men håpe at da kan vera te litt inspirasjon.
København e iallefall absolutt ein by ein bør avlegga ein visitt.

MEN!
Øve te desse hemmelege handleposane eg har snakka om.
Kanskje de allerede har avslørt nokre av skattane..?


Emmalje e populært blant mange ,
og eg e ingen unntak.
Her heima kan små gjenstanda fort kosta 100-200.
I Danmark derimot!! Der e de billege!!
Eg kjøpte den kvite formen, den blå trakta,
og skåla, eit "sølvfat" litt bestikk og blonder, og betalte 100 for alt!!
Skåla er no fylt med frukt på kjøkkenbenken.
Den blå silen kjøpte eg på loppis i Odense (Danmark) 
for ein 50 lapp i fjor sommar.
Den er no pynta med roser, kongler og eit te-lys.


Denne lille kassen klarte eg ikkje å gå i frå heller.
Den va so fin der den stod.
Stempeltrykket var på då eg kjøpte den.
Foreløpig får den vera kaffistasjonen vår :)
Den kosta berre 20 kroner :)


Bilder av fleire skatta eg fekk tak i kjem etterkvart.

I dag har eg vore på loppis.
Blei med noko heim der i frå og,
men kva får du sjå ein anna dag :)

Har du vore på loppis?


Ønske alle ein flotters lørdagskveld!!



Klemma frå Christine





fredag 8. april 2011

København, Del 3!!!



Reiser ein te Køben,
kan ein ikkje unngå shopping.
Den kjente handlegata Strøget har vel noko for de fleste,
men ein tur innom de små strædene og sidegatene kan fort lønna seg.
Her kan ein finna små herlege retrobutikka, bruktbutikka,
små koselege kafèa, restauranta, antikk butikka- You name it!


Eg kunne nok fort ha kjørt visakorte varmt i ein del butikka,
so da va bra eg hadde med hanepane te å halda meg i øyrene ;)


Desse fine jakkane fekk bli med meg heimatt i kofferten,
so no e eg kledd for våren (berre den kjem snart..).
Eit par andre kles kjøp blei da og :)


Etter masse trasking, shopping og etter å ha sett diverse serverdigtheta,
e da godt med ein pust i bakken.
Ekstra kjekt e da når ein kan nyta sol, vår, varme og ein matbit ute.
Kongenshave kan absolutt anbefalast for den perfekte piknikk :)


Men no lure de sikkert på ka eg hadde med meg heimatt i handleposane frå Del 1.
Då må eg desverre skuffa deko, for dei kjem ikkje før enn i neste innlegg...
Eg blei dårlig då me kom heim, og har tilbragt nokre dagar i senga,
so eg har ikkje ein gong orka å tatt de ut av handleposane...
Men eg kjem tilbake :)

PS: For dei so lure: Ja, eg har "kasta" parykken,
Håret gror, sjøl om da e litt kort endå :) 

Ønske alle ei riktig god og vårlig helg!!



Klemma frå Christine



torsdag 7. april 2011

København, Del 2!!



København har noko å tilby for ein kvar smak.
Sjølv hadde me på førehand tenkt ut serverdigheta,
loppemarked og butikka me ville besøka.
Og sjølv om ikkje den danske loppe våren var heilt i gong,
var me heldige å få med oss tre stykker.
Det eine var inne i Det runde tårn.
Stort loppis med både klede og krimskrams.


Ravnsborgsgade e ei kjent gate for dei som vil handle antikk og brukt.
Sjølv blei eg litt skuffa over gata.
Den dagen me var der hadde ein del av butikkane stengt,
og sjølvsagt var det dei dyraste som hadde ope..
Men pyttsann, eg gjekk likevel ikkje tomhendt derifrå :)
Ei nabo gate eg kan anbefale, er Blågårdsgate.
Små koselege brukt butikka og kafèer ligg her.


Utan mat og drikke, duger shopperen ikkje!!
For mat må ein jo ha.
København mangler hverken restauranter eller små koselege kafèar.
Årets første ute cider blei tatt,
verdens største nachos (i våre auge) fekk me på Cafè Royal.
Ein kjent cafè som ligg på eit koseleg torg, Amagertorv. 
Me hadde fått anbefalt denne, og var innom fleire gonger for ein pust i bakken.



Ettersom eg har so mykje å dela med deko frå denne turen,
kjem da nok ein del med litt te.
Håpe de ber øve med meg.. :)


Ønske deko ei god natt!!


Klemma frå Christine



tirsdag 5. april 2011

København, Del 1!!



Då e eg tilbake frå ein knallers kjærestetur i Køben!!
Krokus, grønt gras, loppis, shopping, serverdigheta,
god mat, avslapping, og ikkje minst: Tid for to :)


Frå deilig vårver kom me heim te høstver..
Men i dag gjer da ingenting.
Me har hatt da kjempe flott!! ;)


Sidan formen ikkje e på topp i dag,
kjem eg sterkare tilbake med både bilde og rapport.
Men nokre få kjappe bilde kjem her,
sånn at kan de lura på ka eg har kjøpt ;)


Ønske alle ei flott ny veka!



Klemma frå Christine




onsdag 30. mars 2011

Ut på tur, aldri sur :)



Endelig e tide komt.
Me har venta og gleda oss lenge.
Ein kjæraste tur te København!
Berre hanepane og konepone.
Shopping, rusletura, kafè og ein loppis eller to ;)
Berre kos og avslapping :)


Håpe veret e lika bra der sør so her.
I dag tok eg lunsjen ute i solkroken :)
Deilig å kjenna solstrålane varma.

Ønske alle ei GOD HELG!!!
Eg e plutselig tilbake :)



Klemma frå Christine



LinkWithin

Related Posts with Thumbnails