Viser innlegg med etiketten Brystkreft. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Brystkreft. Vis alle innlegg

søndag 2. september 2012

Frå dromedar til kamel



For 2 år, 3 månader og 4 dagar sidan
skreiv eg eit innlegg som liknar på dagens.
Det gamle innlegget kan du lesa HER.




Morgondagen er ein STOR dag for meg!!
Ein dag eg har venta på i over to år.
To år med mykje behandling, tårer og latter.
Små og store gleder, smerter og humor.


(Sommaren 2011)

Men morgondagen inneber også spenning og "grugleding".
Denne gongen skal eg legga meg som dromedar og vakna oppatt som kamel.
Men korleis vil eg egentlig føla meg etterpå? 
Blir eg fornøgd?
Sjølv om det ikkje blir som tidlegare,
skal det uansett bli godt å få to pukklar att :)


(Sommaren 2012)

Eg vil takka alle som har støtta familien vår i tida som har vore.
Utan venna, familie, nabo og bekjente hadde tida vore tung.
Å prøva å sjå litt positivt på sjølv dei tunge stundene kan hjelpa.
Og sjølvsagt ein god dæsj humor ;)


 (Humor på sitt besta...eller versta.. 2012)

Ønskjer alle saman ei toppers ny veka,
so dukke eg plutselig oppatt :)



Klem frå Christine


 




lørdag 29. mai 2010

Frå kamel te dromedar

Tenk deg at du legg deg so kamel. Søv godt i nokre tima,
og når du blir vekt oppatt e du dromedar.
Hardt og brutalt.
Men da går an å leva fint so dromedar og.
For sjøl om ein har berre ein pukkel
 so heng å dingle, so går livet utrulig nok vidare,
og da e jo ein kjempe positiv ting :)
Ein må berre sjå da positive opp i alt, tenka framøve, tenka på de små
 gledene i kvardagen, tenka på kor heldig ein e so har
fått livet i gave- for andre gong! :)
Eg har utulig masse å vera takknemlig for,
sjøl om eg veit at da kjem te å gå både opp og ner framøve.
Da e då da e godt å ha støtta av familie og venna, og gode og
snille blogge dame :)


Operasjonen har gått fint, og eg kjenne dag for dag at eg blir litt bedre.
Da går på fram- JIPPI :)
Eg har fått ein vatt- pupp, so "plaster på såret".
So eg ser ut so ein kamel med kle på,
men dromedar uten. Da e jo vel og bra:)

Ellers vil eg takka for all støtta me har fått. Da e heilt utrulig kor mange so tenke på oss, ber og sende oss oppmuntrande overraskelsa i kvardagen. I går fekk eg sjokolade kaka av ei venninna.
 Midt i blinken for ei so e sjokoholikar ;)

Den va knall god!! Og masse god frukt te pynt :)

Eg minne fortsatt om min give away, endå nokre daga att viss du vil melda deg på- HER :)

Ønske alle ei fortsatt toppers helg!
Tuddeliduuuu :)

Klemmer frå Christine


LinkWithin

Related Posts with Thumbnails