Viser innlegg med etiketten Bursdag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bursdag. Vis alle innlegg

mandag 16. januar 2012

Sukkersøtt maraton..




Denne helga har vore ein maraton..
Ein maraton av sukker, søtt og selskapligheta.
Fredagen var det juletrefest i barnehagen til minstemann.
I tillegg hadde mellomste 7 årsdag.
Så det blei nok sukker og søtt.


Lørdagen var det eldstemann sin tur.
Då hadde han 9 årsdag.
Dagen blei feira med mykje godt,
og mellomste hadde i tillegg barneselskap.
Nok ein dag med sukker og søtt..


Søndag var det eldstemann sitt selskap.
15 gutta høge på sukker,
som spelte fotball i kjellarstova,
eller leika krig i gangane.
Nok ein dag med sukker og søtt..
Men så lenge ungane er fornøgde,
går det meste :)



I dag er ei ny veka starta.
Eg har ingen andre plana enn å komma meg på beina att.
Det går sakte men sikkert på fram.
Problemet no er å ikkje hoppa for fort ut,
men å vera forsiktig så ein ikkje pådreg seg noko meir..
Ein kopp varm kakao med krem skal eg kosa meg med no.
(Må jo trappa ner sukker inntaket, kan ikkje slutta tvert..)



Ønske alle ein finfin mandag!



Klem få Christine



mandag 17. januar 2011

Hurra..

for deg som fyller nytt år..
I vår familie e januar ein einaste stor bursdag.
Kake, muffins, godteri, gaver, selskap..
Berre hjå oss har 4 av 5 bursdag denne månaden.
4 andre i næraste familie.
Januar e altså ikkje den rette månaden å begynna eit nytt og betre liv,
Men da e jo litt stas og då, iallefall syns ungane da.

I helga so va feira med 6åringen og 8åringen sine daga.

Monster muffinsane slo godt an :)


Alle fotballgale gutta må ha fotballkaka :)

Etter at kake, muffins og x- antall godteri e godt fortært,
og minstemann klage øve at han har vondt i magen,
e da tid for leik og morro, og lego bygging.


Lego e populært både hjå små og store.

Ønske deko alle ei toppers veka :)



Klemmer frå Christine





 

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails