Viser innlegg med etiketten Gjenbruk. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gjenbruk. Vis alle innlegg

fredag 2. september 2011

Gjenbruk



Gjenbruk har vorte ganske populært i den seinare tid.
Og det er vel i grunn ikkje ein ting som ikkje kan brukast på nytt.
Eg likar at ting kan brukast på nye måtar.
Som dette feiebrettet.


Det har vorte eit Velkommen skilt.
Pynta med eit heime-sydd hjarte,
ønskjer det alle våre gjestar velkommen.


På ein liten kjøkkenvegg heng to gamle hyller.
Dei er pynta med gamle krukker, mugger, Norges glass og bruktfunn.
Ser du den  gamle emmalje silen..?


Den er no brukt som telysestake,
og er pynta med ei tørka rose og små konglar.

Eit gammalt fint brett kan også brukast på nye måtar.


Eg hengte det på veggen,
limte nokre små stoff blomar på små magnetar,
og så hadde eg ei oppslagstavle.
Den kan brukast til små hukse lappar,
eller gamle bilete :)


Det er berre å bruka kreativiteten og tenka nytt!



Ønskjer alle ei strålande haust helg!



Klem frå Christine



LinkWithin

Related Posts with Thumbnails