Viser innlegg med etiketten Pall. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Pall. Vis alle innlegg

torsdag 22. mars 2012

God helg!!



Innom ein kjapp tur for ønska alle
ei toppers helg!!
Sjøl reise eg til Trondheim og Oppdal i morgon :)




Bilete er av eit av mine siste bruktfunn.
Fin til oppbevaring av interiør blad.
Litt blomster og heimalaga "påske mailegg"  :)


God helge!!


Klem frå Christine



søndag 5. juni 2011

Prosjekt oppgradering



Lenge hadde eg sett og lett etter ein "gammaldags pall".
Ein slik du kan opna toppen på,
med oppbevaringsplass nedi.
Jonsokafta 2010 dukka den opp.
Den var satt ut for å gå på bålet.


Ikkje snakk om at denne skulle brennast!
So eg redda den frå bål og flamma.
Men pga av sjukdom, dårleg form og diverse,
har dette prosjektet stått litt på vent...
Men i dag tok eg den med ut i sola og begynte på ein oppgradering.



Stoffet var ikkje i så aller verst stand,
men ikkje heilt etter min smak..
Sjølve "kroppen" trengte berre eit strøk med maling,
men beina måtte få tre.
So mens malinga tørka i sola,
tenkte eg på kva for eit stoff toppen skulle få.


Det var ikkje lett å velga,
men når eg ser på slutt resultatet,
er eg veldig fornøgd :)



Langhelga er snart over,
men sidan me har hatt litt sommar er det i grunn greit :)

Ønske alle ei flott veka!


Klemma frå Christine




LinkWithin

Related Posts with Thumbnails