Viser innlegg med etiketten Puslerier. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Puslerier. Vis alle innlegg

fredag 4. november 2011

Julemarked


Eg har fått forespørsel om å vera med på julemarked.
Eit julemarked med heimalaga ting og tang.
Etter at kreativiteten hadde "bobla" og spira litt,
takka eg ja.


No kan spisebordet vårt rett som det er,
(arbeidsplassen blei viss for liten...)
flyta over av blonder, gråpapir, kakeservietta,
nostalgiske bilete, fyrstikkesker, hampbånd og masse utstyr!


Det er så kjekt å kunna sitta å halda på med slike "puslerier".
slappar eg av og stengjer verden heilt ute.


Opne kremmerhus, kremmerhus fylt med diverse godt,
"medaljonger", nostalgiske fyrstikkesker, julekort.



Kva synest du? Er dette noko du ville likt, og kjøpt...?



Ønskjer alle ei kreativ og fin helg :)



Klem frå Christine




LinkWithin

Related Posts with Thumbnails