Etter litt om og men
og forhandling med hanepane,
Kom den fine retro sofaen inn i redet.
Eg er strålande fornøgd!!
(Hanepane og, for konepone har som oftast rett ;))
Sofaen er kjøpt på ein ny butikk her i Arna.
Dette er ein butikk du blir glad av å vera i,
og her kan du finna både nytt, gamalt, redesign og retro.
Var å godt å få inn ein "fargeklatt".
Syns den passar saman med alt det gamle eg er så glad i.
Og Linda: Eg skal ta veldig godt vare på sofaen din :)
(Sjå bort i frå det mislykka tapet prosjekte mitt..Det skal snart ner!!!)
No ska eg nyta ein kopp varm og god te
medan eg ser ut på vinterens første snøfall..
Til helga reiser eg til langt varmare strøk,
men dette kjem det eit eige innlegg om ;)
Tuddelidu!!
KLem frå Christine