Det er ein knallfin haustmorgon, og tre jenter stabler seg tidlig på beina og
inn i ein liten druegrønn bil.
Me er sooo klare for loppemarked og skattejakt.
Då me kom fram var det berre te å finna fram spisse albuer og streng mine.
Men av og te blei me ståande litt utafor og sjå forvirra på korleis folk
Men av og te blei me ståande litt utafor og sjå forvirra på korleis folk
kan opptre på eit loppemarked.
Me følte oss litt som dei stakkarane so står i matkø i fattige land...
Folk va rett og slett smågal!!
Diverse servise, kanner, bestikk, karaffel, klokke, møbler og
kjøkkenting blei pruta på og betalt.
Sjølv fant eg eit super skjønt servise, men sidan folk hadde gått litt amok i uopna kassa, va ein del av det vorte knust eller fått skår. Men eg kan bruka noko av da til ulike små prosjekt og stillebein. Eg klarte berre ikkje å gå i frå da..
Ei sånn klokka har eg sett etter ei stund,
og i dag vart dennne mi for berre 20 kroner!!
Bordet som tinga står på, fekk eg og for ein billeg penge. Dette ska de få sjå meir av ein anna dag. Da ska malast og få nye knottar først.
Etter å ha vorte dytta, skubba, dulta og stått forskrekka i ein krok for å få att pusten,
sette me oss godt tilrette i den druegrønne bilen att.
Det var godt med stillhet og albuerom.
Alle var einige i at da hadde vore ein fin, men strabasiøs loppetur :)
Ønske alle sammen ei fortsatt god helg :)
Klem frå Christine











