onsdag 15. juni 2011

Marked



I pinsehelga var me ein snartur til Stavanger.
Ein koselig tur der me fekk med oss besøk, fint ver, snekkring,
masse fotball, gårdsbesøk, grilling og sommarens happening:
Marked med løedamene!!!


Det var so utruleg kjekt å få helsa på Prinsesse Elin.
Har jo fulgt med på bloggen hennar og sett litt av produksjonen.
Og so so masse fint de damene hadde med seg!!
Blei litt med heimatt til Bergen ja ;)


Eg kunne fort svidd av masse peng,
so da va kanskje lika greit at de ikkje tok visa..


Eg falt for mykje av det som var brukt og antikt.
Det var vanskelg å bestemma seg...


Men noko blei med heim.
Kan du tippa kva...?




Håpe alle har hatt ein fin start på veka.

Her byrja den med haustver av store dimensjona!!
Minna meir om oktober/november enn juni og sommar..

Ha ein finfin kveld :)


Klemma frå Christine




fredag 10. juni 2011

Helg, men ingen sommar..



Så var det helg att.
Og ein ekstra fri dag :)
Tenk om berre sommaren kunne kome no..
Då kunne me verkeleg ha nytt fridagane ute.


Men de ser ut so me berre må forsettja å vente.
Tolmodighet er ein dyd..


Eg har korta ner ventetida med å laga da litt sommarsleg inne.
Nye lyse blondegardiner,
syrinkvist både her og der,
innkjøpte peoner.


Ein orkide i ei kaffikanne.
Sukkerskåla og flaskene er loppis funn.
Syns dei minnar om sommar når dei står saman slik.


Korg stolen min har fått eit sommarsleg teppe.
Puten fekk eg til jul når eg var i tenåra-
lenge sidan med andre ord.. ;)


Litt sommarstemning inne hjelper på humøret når regnet ausar ner ute..

Me får smørje oss med litt meir tolmodighet,
og håpa på finare dagar!


God helg alle saman :)


Klemma frå Christine








onsdag 8. juni 2011

Stova vår



Eg har vist bilete frå stova vår før,
men det har stortsett vore bilete av detaljar.
I redet er det ikkje kvite fine møblar som regjerer.
Her er det teak og trefargar med lyse detaljar innimellom.
Eg har nok vore litt "redd" for kva andre syns om innredninga vår,
og derfor ikkje vist oversiktsbilete..
Men no tar eg mot til meg og viser nokre.
Stova vår går over to plan,
og her kjem "best stova" som me likar å kalla den ;)


Beststova/sofakroken vår.
Eg ynskjer meg ein litt lysare sofa..
Bilete over sofaen har eg laga sjølv,
og nokre av putane er sjølvlaga.


Gamle bilete av kjente og ukjente slektningar kan du finna både her og der.
Gamle skattar eg har funne på loppemarknad- eller fått.
Ting som har ein historie tiltaler meg.
Dei blir kjære skattar :)


Skatollet har besten laga.
Det er nok eit av favotitt møbla mine.
Her kan eg slappe av med maling, smykke laging,
teikning, sying- rett og slett min kreative plass:)
Det har fått plass i ein liten krok.
Ein stor skatt.


Jada, her bur unga og,
og da vises.
Legobyen er ikkje alltid lika kjekk å ha midt i stova..
Men jammen har både store og små glede av den ;)
(jadda, støvsugaren og.. ;))
Pianoet har stått på kommunehuset her i bygda,
og kjøpt på lokalt loppemarknad.


Me trivst her i "best stova" vår,
og det er jo det viktigaste :)


Takkar for alle koslege og fine kommentara ang
oppgradering av pallen.
Varmar at andre syns de eg gjer også er fint :)


Ha ei fortsatt fin veka!!


Klemma frå Christine



 

søndag 5. juni 2011

Prosjekt oppgradering



Lenge hadde eg sett og lett etter ein "gammaldags pall".
Ein slik du kan opna toppen på,
med oppbevaringsplass nedi.
Jonsokafta 2010 dukka den opp.
Den var satt ut for å gå på bålet.


Ikkje snakk om at denne skulle brennast!
So eg redda den frå bål og flamma.
Men pga av sjukdom, dårleg form og diverse,
har dette prosjektet stått litt på vent...
Men i dag tok eg den med ut i sola og begynte på ein oppgradering.



Stoffet var ikkje i så aller verst stand,
men ikkje heilt etter min smak..
Sjølve "kroppen" trengte berre eit strøk med maling,
men beina måtte få tre.
So mens malinga tørka i sola,
tenkte eg på kva for eit stoff toppen skulle få.


Det var ikkje lett å velga,
men når eg ser på slutt resultatet,
er eg veldig fornøgd :)



Langhelga er snart over,
men sidan me har hatt litt sommar er det i grunn greit :)

Ønske alle ei flott veka!


Klemma frå Christine




onsdag 1. juni 2011

Langhelg




Då e da helg i rede.
Skikkelig langhelg.
4 dagar me kan bruka til avslapping
og heimekos.


Aller helst vil me jo ha utehygge og grillings,
men akkurat no passar det best med peiskos, pledd og kakao..
reine hausten ute..


Blomar og løv bles vegg i mellom..
No må vel sommaren vera rett rundt hjørne.
Eller...


Ønske alle saman ein finfin fridag!


Klemma frå Christine



tirsdag 31. mai 2011

Skattejakt på Kypros


Det er alltid spennande med skattejakt.
Er eg på tur, er det ekstra spennande å sjå om eg kan finna unike skatta.
Blant sitron,- og appelsintre kan ein finna dei utrulegaste skattar.


Iallefall gjorde eg det då me var på Kypros.

Berre sjå her:



Oljelamper, servise, gamle kjøkkenreiskaper..

Og ikkje minst denne:


Ein utruleg sjarmerande og gammal koffert!
Lure på kor den har vore på reis..

Men desverre fekk ikkje nokre av desse skattane bli med meg heim..
(Jada, eg var freidig nok til å spørja om eigarane var interessert i eit lite salg..)

So eg nøyde meg med to andre små skatta.


Ein liten knipling duk.
Sydd med ørsmå perfekte sting,


og eit skjønt putetrekk.
Dette har både broderi og knipling.


To skjønne små minner om ein fantastisk familietur :)


Ønske alle ein fin tirsdag!!



Klemma frå Christine




fredag 27. mai 2011

Kunst





Då me var på Kypros,
hadde me leigebil i to dagar.
Turen gjekk blant anna innom den lille fjellandsbyen Lefkara.
Denne staden er kjent for sin kunst innan sølvsmed og knipling.


Eg kan lova deko at det ikkje er lett å velga mellom alle desse kunstverka..
Ærsmå brikker, løpere, store duker, puter, sengeteppe...


og med tre gutta på slep kan da fort bli litt kjedelig venting..


Men med nokre skatta i handleposen
(kjem nok bilete når dei er komen ut av kofferten..),
og is i magen,
kunne turen gå vidare :)




Med dette ønskjer eg deko alle ei strålande helg!!



Klemma frå Christine





onsdag 25. mai 2011

Deilige Kypros!!




To deilige veke har gått.


Sol, varme, barnelatter, bading og litt strandliv.


God mat og masse is!!


Ulike aktiviteta.


17.mai feiring- Hipp, hipp hurra!!!


Me har storkost oss på Kypros!!!
Late og gode daga der me har opplevd masse,
og likavel fått lada batteria litt.

No må eg innom alle blogga og oppdatera meg litt..
men sidan eg har vorte sjuk, har eg nok litt tid te da.. :)



Klemma frå Christine




lørdag 7. mai 2011

Loppemarked



I dag har eg vore på loppemarked.
Eit av Bergens største.
Syns eg fant nokre fine ting.


Blanke og fine brett med litt patina,
sukkerskål, fem fine skåler,
kniver og skeier...


Etter loppemarkedet flaksa med avgårde,
og havna på Den grønne Baljen.
Ein ny og kjempe flott butikk på Wergeland i Bergen.
Besøket resulterte i litt fleire skatta,
og gode ideer blei med heim.


Har du ikkje vore på besøk der endå,
so MÅ du ta turen!!

Ha ei finfin helg!


Klemma frå Christine



fredag 6. mai 2011

Rhododendro




Rhododendro.
Må vera verdas vanskeligaste blomster navn..
Men og ein av verdas finaste blome.


I hagen vår har me ein liten busk.
Lenge har eg trudd at den va strøket med etter harde vintra,
og mange fotballkampa..
Den har aldri blomstra,
so no vurderte eg å ta den vekk.


Men ein ettermiddag eg rakte i hagen,
såg eg at da va kome heile 6 fine knoppa på busken!!
Da gjelde å gje ting ein sjanse :)


No skal den få stå og pynta opp hagen.
Ser ikkje ut til at det er lenge til den slår ut i blomst heller :)



Ønske alle ei knakande god helg!!


Klemma frå Christine



LinkWithin

Related Posts with Thumbnails