Til hausten byrjar mellomstemann på skulen.
Han er klar som eit egg og gledar seg :)
Eg syns sjølvsagt at han kunne ha venta litt,
og vore liten og uskuldig nokre år til...
For nokre dagar sidan lurte han fælt på kor han skulle gjera leksene sine.
Storebror har jo skrivebord på rommet sitt,
men kor i all verda skal han ha sitt..
Han deler rom med lillebror som er "sjukeleg" opptatt av
Sabeltann og andre piratar,
og kastar pirat effektar over alt..
Og medan storebror er "sportsidiot", minstemann pirat,
so er mellomste den kreative.
Den som kan sitta roleg meir enn to minutt i strekk..
Den som kose seg med lego, klipping, liming, glitring, teikning og skriving.
Men ein kveld slo løysinga ner som lyn frå klar himmel.
Sjølvsagt! Dette blir perfekt!!
For ut i den smale lange gangen, har eg eit lite bord.
Eg sendte hanepane og guttane ut.
Og tipp om mellomste blei fornøgd då han kom att!!
Ved dette bordet kan han kreere og kose seg.
Minstemann blei også nøgd.
For eg hadde samla dei mest brukte pirat tinga i umiddelbar nærleik.
Her er det berre til å gå til angrep når han set foten ut av senga ;)
Boksar med diverse fargeblyanter, limstift, sakser, glitter og "stæsj".
Lampen er ein retrolampe kjøpt på loppis i Køben.
Penalet og "Kypros boka" kjøpte han for eigne pengar då me var på kypros.
Han kosa seg med teikning ved bassengkanten :)
(Jammen meg blei detta eit langt innlegg...)
Jammen veks dei altfor fort desse håpefulle små...
Ha ei riktig god natt!
Klemma frå Christine