No har det vore stille her hjå meg ei stund..
Det har gått i eitt her i redet,
og "ei ulykke" kjem sjeldan aleine..
Eg hadde min siste cellegift 06. september,
feira og såg fram til haust og vinter.
To dagar seinare fekk eg veta at eg har fått lymfødem i høgre arm..
Eg som trudde at dette skulle bli min haust,
måtte igjen innstilla meg på jevnlige behandliger..
Dette er ingenting farleg,
men berre forferdeleg nertur...
Foruten mine plager,
ektemenn på legevakt med hol i hovudet,
kneskada gut,
og gut med Donald kul i hodet,
går dagane fort (og gale) her i redet ;)
Det er difor godt å få nokre dagars avbrekk i København!!!
Eg reiser tidlig tidlig i morgontidleg.
Det skal bli godt med dagar der eg skal slappa av og kosa meg :)
(Dagens bilete er henta frå Københavnturen eg og min kjære hadde i vår.
Og som de ser, so koste eg meg då og;))
Ønskjer alle som er innom ei strålande god helg :)
Klem frå Christine




