mandag 30. april 2012

01.mai!!



Innom for å ynskja alle ein finfin 01. mai feiring :)
Her skal den nytast ute i da fine veret me endelig har fått!!




Stille og rolig her på bloggen for tida, 
men mykje som skjer og den blir litt ner prioritert..




Men nokre fine daga i Amsterdam har hatt,
og dagens bilete er der i frå :)
Kjem fleire bilete etterkvart,
for sjølvsagt var eg på skattejakt!!




Ha ein toppers 01. mai!!




Klem frå Christine



torsdag 19. april 2012

Amsterdam



Innom for å ynskje alle ei toppers helg!
Sjølv reiser eg til Amsterdam om nokre timar :)


Gåturar langs kanalane.



Besøkje blomstermarkedet.



Kanalbåt sightseeing



Shopping, god mat og godt selskap.
Dette er noko av det som står på programmet :)



God helg!



Klem frå Christine



mandag 16. april 2012

Lille Villa...



..ein nettbutikk med mykje fint
God service og superduper rask leveringstid :)




Sjølv har eg bestilt hylleknektar her,
til to forskjellige prosjekt.
Du skal få sjå når eg er ferdig :)




Lite blogging for tida,
men mykje som skjer.
Har begynt i ny jobb.
I ein fantastisk barnehage,
med fantastiske kollegaer :)
Og på torsdag reiser me på langweekend.
Amsterdam!!
Glede meg :)



Ynskjer alle ei fantastisk fin veka!



Klem frå Christine







onsdag 4. april 2012

Påske aktiviteter



I redet har me allereie hatt nokre dagar fri.
Sidan veret har vore skiftande,
har konepone funne på ulike inne aktiviteter.


Nålefilting blei utprøvd,
og fuglungane syntes dette var kjempe morro!
Ingenting å sei på kreativiteten her i gårde ;)


Maling av egg er jo ein sjølvsagthet når det er påske!
Egga blei malt i mange fine fargar,
før innholdet blei til deilig sveler :)




Ynskjer alle ein god påske!!



Klem frå Christine


torsdag 29. mars 2012

Påskepynt



Det nærmar seg påske.
I redet har egga allereie lagt til pynt ei stund
og sidan eg allereie har fått påskeferie,
fekk eg lyst på litt ny påskepynt.
Eg kokte egg ein time,
og pynta de med litt blonde og bånd.



Nokre fekk plass i eit Norges glass saman med litt gras
og eit lite kylling bilete.
Koselig og enkel pynt på kjøkkenbenken :)



Eit gammalt bur blei og tatt fram,
og fekk vårleg påskepynt.



Litt nye påske lys som eg kjøpte på Oppdal i helga,
og heimedyrka påskeliljer har fått plass på eit brett på spisebordet :)




Har du pynta litt til påske..?



Ynskjer alle ein finfin torsdag!


Klem frå Christine





torsdag 22. mars 2012

God helg!!



Innom ein kjapp tur for ønska alle
ei toppers helg!!
Sjøl reise eg til Trondheim og Oppdal i morgon :)




Bilete er av eit av mine siste bruktfunn.
Fin til oppbevaring av interiør blad.
Litt blomster og heimalaga "påske mailegg"  :)


God helge!!


Klem frå Christine



onsdag 21. mars 2012

Ut av skapet



På mange bloggar ser eg opne kjøkkenhyller,
og mykje fint på utstilling.
Her på kjøkkenet er det ikkje plass til fleire hyller,
og å ta vekk nokre skap viste seg å vera eit prosjekt eg ikkje orka...


Men med skrujern,
ein dæsj maling og godt humør,
blei løysinga å ta vekk to skapdører.
Billig og enkelt :)

FØR:

Ei grei løysing,
og ein bra måte å få rydda i kjøkkenskapa på :)

ETTER:

Lysare og opnare,
og med favoritt tingene på utstilling :)

Ein gammal original industrilampe er komen i hus,
og skal etter planen opp over vasken ved "skaphylla".
Men må berre få orden på det elektriske først..kanskje.. ;)



Ynskjer alle ein finfin kveld!!


Klem frå Christine


tirsdag 13. mars 2012

Påsketider



Påsken nærmar seg.
Og eg er starta på "påske produksjonen".
For kva er vel finare enn heimalaga påskeegg og pynt :)




Ta ein tur innom skjoreredet mitt.
Der er det no lagt ut diverse egg til salgs :)



Ha ein finfin tirsdag!



Klem frå Christine

fredag 9. mars 2012

Ein ide..



..har lenge lagt og kverna i hodet mitt.
Ein ide om å laga ein blogg der eg kan selgje litt ting og tang.
Det blir både skattar og håndlaga ting.
Ting eg ikkje lenger har plass til,
ting eg har funne på skattejakt
og ting eg har laga.


Håpar at nokon andre også kan gleda seg over desse tinga :)

Bloggen er no klar,
og har fått namnet Christine`s skjoreredet!
Dei første tinga er lagt ut for salg.
Litt retro denne gongen :)

Klikk deg inn via linken i høgre marg.


Ynskjer alle ei toppers helg!!



Klem frå Christine



tirsdag 6. mars 2012

Grøne fingrar..




Det kriblar i heile kroppen for at vinteren endeleg er over!!
Fuglane kvitrar frå tidleg morgon,
og gledar seg like mykje over våren som meg.



I helga klarte eg ikkje venta lenger.

Påskeliljer, snøklokker og perleblomster blei planta ut.
Mellomste er lika glad i å putla som konepone,
så han var ivrig med :)


Det hender eg prøver meg på ting eg ikkje kan
eller har peiling på,
og grøne fingrar har eg overhodet ikkje!!
Så dette med blomsterbed og planting var nytt for meg,
og heile to bed blei laga.
Litt graving og opprenskning måtte til.

FØR:


ETTER:


Så gjenstår det å sjå kor lenge dei lever,
for mine "ugrøne fingrar" har til og med klart å ta livet av kaktus..
så det seier vel sitt...  ;)



Ha ein finfin kveld!



Klem frå Christine



LinkWithin

Related Posts with Thumbnails