Tenk å hatt masse penga.
Reist verden rundt for å gå på loppemarked.
Rett og slett levd Herrens glade dagar.
Nei, ein hadde vel vorte lei da og..
Men jaja..millionær eller ikkje..
Ville berre visa deko "pengane" eg fekk tak i på ein antikk butikk i Køben.
Desse deutshe markane er penga so blei brukt unna 1.verdenskrig i Tyskland.
Dei kunne forandra seg frå dag til dag,
og nokre av dei har stempel over med eit anna beløp.
Dei tok seg faktisk ikkje tid til å trykka opp nye..
Ganske spesielt, og kjekt å ha :)
Her kjem bilete av fleire bruktfunn eg fant i København.
To små skjønne koppa, eit sausenebb so passe perfekt te
servise eg fekk te bursdagen min (kan du lesa om HER),
"sølvfat" og litt bestikk.
Eggeglasa fant eg på den lokale bruktbutikken ein dag.
Her har da vore eit deilig ver i dag,
iallefall inntil høsteveret tok av på nytt i ettermiddag..
I dag har eg hatt min første dag på jobb!!!
Var berre nokre timar,
men er sooo utrulig godt å få litt liv att,
og å kunna treffa folk att utan å tenka på immunforsvar og basseluska :)
Ønske alle ei fortreffelig flott veka!!
Klemma frå Christine


