Viser innlegg med etiketten Gang og award. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Gang og award. Vis alle innlegg

tirsdag 25. mai 2010

Knott og godt


No har eg endelig fått nye knotta på den gamle skjenken min.
Fant desse fine og sommarlege knottane på Indiska, då
eg va på ein shopping tur med søstra mi for ei veka sidan.
Syns da blei fint eg :)
Da flotte brettet so står på skjenken, va snille Solbjørg innom med i
går- so ei oppmuntring i denne tide, og for å sei at ho og familien tenke på oss. 1000 takk, da e kjempe flott!!  :)



Ellers har eg brukt tida te å forbereda meg litt te operasjonen,
og ventetida på forhånd de to neste dagane no.
Eg e forbausa øve meg sjøl på kor roleg eg e, og vente nesten
på at da ska sei "pang"..men da so kjem- da kjem :) So no har eg gått te innkjøp av lesestoff og sjokolade- for eg e sjokoholikar ;) No ska da seiast at den eine boke eg kjøpte allerede e lest, men då e da godt å ha venninne so sende gave og oppmuntring i posten.
Takk Ingvild og Marianne :)
Da e godt å veta at da e nokon so tenke på meg og mine :)


Ei flott notatbok eg kjøpte i vinter ska og få bli med.
Kan jo henda at da e godt å skriva ner
 tanka og følelsa so dukke opp etterkvart.

So har eg fått ein award!! JIPPI!! 


Denne flotte awarden fekk eg av Bjørg, med den flotte og inspirerande bloggen Huset ved fjorden. Ho har lært meg om spraymaling, og har alltid fine og gode kommentare å gje vekk. Detta va faktisk ein av dei første bloggane eg begynte å følga, og eg e innom kvar dag:)
1000 takk Bjørg :)

 Egentlig ska eg fortelja sju ting om meg sjøl, og gje den vidare. Eg har allerede fortalt sju ting om meg sjøl- berre sjå HER. Eg vel denne gongen å gje awarden te alle nye følgara på bloggen min.
Hjartans velkomne! Håpe de vil trivast her inne :)
Vil og takka alle so kommentere, og alle so e innom og kikke :)

Til slutt vil eg minna om min give away so eg trekke 01.juni. Kjekt å sjå at so mange har meldt seg på. Viss du ikkje har meldt deg på, kan du gjera da HER!

Då vil eg ønska alle ei fortsatt finfin veka!

Klemmer frå Christine :)

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails