onsdag 4. mai 2011

Prima ballerina




Då eg var lita,
drøymde eg om å bli ballettdansar.
Ballettsko og "strutteskjørt" stod høgt på ynskjelista.
Men det blei med draumen..


Men på loppemarked i København for ein månad sidan,
kom eg over desse velbrukte og fine ballettskoa.
Berre 20 kroner.


No manglar eg berre "strutteskjørtet",
so kan eg leika "prima ballerina" når eg er åleine heima ;)


Ellers går det i eitt her i redet.
Eg står på hovudet i kofferten.
Jobbar, og må prøva slappa av inni mellom slaga.

Hadde min 21. kur i går,
og no har eg berre 5 att!!
Da nærme seg slutten på behandlinga :)



Ønskjer alle ein fortsatt toppers onsdagskveld :)



Klemma frå Christine




tirsdag 3. mai 2011

Lavendel og award




Ein stor bunt tørka lavendel ligg på skatollet mitt.
Den luktar himmelsk!


Den skal delast opp i mindre bunter,
for so å bli plassert i kommodeskuffer med sengetøy.
Mmmmm, da kjem til å lukte godt :)



Og so har eg fått ein award.
 Den har eg fått frå Hilde.


1000 takk, Hilde. Set stor pris på den :)
Ho har den flotte bloggen Hilde`s verden.
Har du ikkje kikka innom den fine bloggen hennar,
so kan du gjere det HER!



Ønske alle ei fortsatt vårleg og fin veka!



Klemma frå Christine




søndag 1. mai 2011

"Skomaker bli ved din lest..."



For ei stund sidan fekk eg nok ein gammal skatt.
Det var denne gamle skomaker lesten.


Lurer på kven sine sko den har reparert...
Sko med mange forskjellege historiar.


Barneskoen har tvillingbror min og eg brukt når me var små.


Kortet som står i bakgrunnen er eit gammalt bryllupstelegram.
Flotte blomster og glitter.


Her har me hatt nok ei fantastisk helg!
Tenk å ha sommarver allereie i april!!



Ønske alle ei fantastisk flott veka :)



Klemma frå Christine





tirsdag 26. april 2011

So lenge hjarte kan slå...



Påsken og fridagane er over.
Påskesnopen oppeten.
Kvardagen er tilbake.
Men med da veret me hadde- og har, 
er det reine vitamin innsprøytinga :)


Mange kvitveis, blåveis, krokus,
påskeliljer og smørblomst har vorte
plukka av ivrige barnehender.
Blomar er alltid kjekt å få,
og so fine å sjå på :)


I dag har eg vore ein liten tur på Haukeland.
Hjertesjekk.
Rein rutine for å halda auga med den viktigaste delen av kroppen.
Men da ser ut til at hjarta mitt tåler all gifta eg har fått,
og fortsatt får, for "da banke og slår og ser heilt tipptopp ut",
var beskjeden eg fekk.
So denne "skuta" går nok ei stund til ;)


I morgon ska eg på jobb att,
og eg glede meg!! :)


Ser at eg har fått fleire nye følgere og.
Velkommen ska de vera.
Håpe de vil trivast her i redet :)


Ønske alle ei vidunderlig flott og vårleg veka :)



Klemma frå Christine





søndag 24. april 2011

Bryllupsdag




Lørdag 21.april for heile 10år sidan,
blei hanepane og konepone smidd i "hymnens lenker"!!
Heile 10år!! har gått..
Tinn jubileum på bryllupsspråket.

(Bilete e tatt i bryllupsbilen, ein 2CV)

Nokre kilo lettare, grå hår mindre og litt lengre hår enn i dag ;)
I eit lite intimt kapell på min heimplass.
Stivpynta og spente.
Der sa me ja til gode og onde dagar.
Som i dei fleste andre ekteskap,
har da gått opp og ner.
Medgang og motgang har me møtt.
Tre flotte gutta har me fått.



Fremdeles glad i deg, hanepane!!



Ønske alle ei fortsatt finfin søndagskveld,
og nyt resten av påskehelga :)




Klemma frå Christine



torsdag 21. april 2011

Gammaldags "krydderhylla".



Lenge har eg ønskt meg ei gammaldags krydderhylla.
Dei heiter vel egentleg noko anna,
men eg kjem ikkje på kva...
Dei eg har sett har vore litt for dyre,
og litt for store..


Ein dag såg eg på bloggen til Nostalgia
at ho skulle leggje ut ei slik for salg.
Ikkje var den dyr heller.
Eg sat klar ved PC`en,
og jammen meg blei den ikkje mi :)
Heldige meg :)


Den har fått hedersplassen på kjøkkenbenken,
og her har eg no diverse mjøl og bakarvarer.
Klar til gjær,- og knekkebrød bakst :)


Ellers so nyte me fine vårlege daga i huset til svigers.
Dei er på påsketur til Tyskland.
So no late me som om me e på "høtten",
so de sei i Bergen ;)


Fortsatt god påske til deko alle!!




Klemma frå Christine





søndag 17. april 2011

Familien kykkelikaos



Påsken e komt te rede.
Store og små har fri.
Men da e ikkje berre fryd og gammen...
Tre viltre gutta har lyst te mange forskjellige ting,
og har ulike prosjekt på gong-
huset e plutselig bomba.
Kaos e nok ein gong komt te rede..


So hanepane tok de tre fugleungane med på Vil Vite Senteret.
På den måten kan konepone få orden på heimen att,
 og setta fram masse koselig påskepynt laga av barnehender.


Sjølv om nokre heng med nebbet,
og andre ser ut som de har tatt seg ein påskedram for masse,
so e de jo sjarmerande og fine :)


Familien kykkeliky e komt på plass,
huset e igjen komt i orden,
og påskeegga e henta fram og vente på å bli fylt.
Ferien kan starta for fullt!

Noko eg har ønskt meg lenge har kome min vei!
Kva dette er får du sjå i neste innlegg :)


I mellomtida må de alle ha ein toppers søndag!!



Klemma frå Christine






torsdag 14. april 2011

Loppisfunn



Sist helg fekk eg med meg da lokale loppemarkedet.
Ska innrømma at eg va litt skeptisk..
Men syns eg fant nokre fine ting.


Fine fat og skål i herleg rosa farge.
Skåla er frå Villeroy & Boch, og kosta berre 10 kroner.
Da e sånn loppisprisane ska vera :)


Ser ut so eg har ein rosa periode...
(og eg so egentlig ikkje like rosa ein gong..)
For denne glasskåla som har ein fin dus rosa/korall farge,
måtte eg berre ha ;)
Fin te påskesnopen ;)


Denne "madonnaen" fekk eg og for ein tiar.


Te helga blir da nytt loppemarked besøk.
Alltid lika spennande og kjekt å gå på skattejakt :)

I morgon ettermiddag startar påskeferien i redet.
Satse på masse sol og flotte vårdaga :)


Ønske alle besøkande ein fin torsdagskveld!!




Klemma frå Christine 






mandag 11. april 2011

Millionær, og herrens glade dagar..


Tenk å hatt masse penga.
Reist verden rundt for å gå på loppemarked.
Rett og slett levd Herrens glade dagar.
Nei, ein hadde vel vorte lei da og..
Men jaja..millionær eller ikkje..
Ville berre visa deko "pengane" eg fekk tak i på ein antikk butikk i Køben.




Desse deutshe markane er penga so blei brukt unna 1.verdenskrig i Tyskland.
Dei kunne forandra seg frå dag til dag,
og nokre av dei har stempel over med eit anna beløp.
Dei tok seg faktisk ikkje tid til å trykka opp nye..
Ganske spesielt, og kjekt å ha :)

Her kjem bilete av fleire bruktfunn eg fant i København.


To små skjønne koppa, eit sausenebb so passe perfekt te
servise eg fekk te bursdagen min (kan du lesa om HER),
"sølvfat" og litt bestikk.
Eggeglasa fant eg på den lokale bruktbutikken ein dag.

Her har da vore eit deilig ver i dag,
iallefall inntil høsteveret tok av på nytt i ettermiddag..

I dag har eg hatt min første dag på jobb!!!
Var berre nokre timar,
men er sooo utrulig godt å få litt liv att,
og å kunna treffa folk att utan å tenka på immunforsvar og basseluska :)


Ønske alle ei fortreffelig flott veka!!



Klemma frå Christine






lørdag 9. april 2011

København, 4. og siste del...



..da har vorte litt masse København innlegg på bloggen no..
Men håpe at da kan vera te litt inspirasjon.
København e iallefall absolutt ein by ein bør avlegga ein visitt.

MEN!
Øve te desse hemmelege handleposane eg har snakka om.
Kanskje de allerede har avslørt nokre av skattane..?


Emmalje e populært blant mange ,
og eg e ingen unntak.
Her heima kan små gjenstanda fort kosta 100-200.
I Danmark derimot!! Der e de billege!!
Eg kjøpte den kvite formen, den blå trakta,
og skåla, eit "sølvfat" litt bestikk og blonder, og betalte 100 for alt!!
Skåla er no fylt med frukt på kjøkkenbenken.
Den blå silen kjøpte eg på loppis i Odense (Danmark) 
for ein 50 lapp i fjor sommar.
Den er no pynta med roser, kongler og eit te-lys.


Denne lille kassen klarte eg ikkje å gå i frå heller.
Den va so fin der den stod.
Stempeltrykket var på då eg kjøpte den.
Foreløpig får den vera kaffistasjonen vår :)
Den kosta berre 20 kroner :)


Bilder av fleire skatta eg fekk tak i kjem etterkvart.

I dag har eg vore på loppis.
Blei med noko heim der i frå og,
men kva får du sjå ein anna dag :)

Har du vore på loppis?


Ønske alle ein flotters lørdagskveld!!



Klemma frå Christine





LinkWithin

Related Posts with Thumbnails