onsdag 31. mars 2010

Noen skatter

Eg har vore på skattejakt, og JA eg fant nokre skattar!! Skjenk og stol e henta heim frå mamma og pappa. Dei må berre malast- når eg ein gong får tid...litt andre ting har eg funne og, og her kjem nokre bilde.









Ellers har litt av dagen gått med til å sy gardiner til vaskerommet. Og ein tur innom den kjempe fine butikken "Velkommen" i Eikelandsosen. Guri kor masse fint de har der! Blei kjøpt både vaskemiddel, såpe, skilt, duk og diverse. So i måro ska her vaskast og stellast i heimen. Kjem tilbake med bilde av de nye gardinene nine, og eit reint vaskerom :)

Ha ei knall god natt folkens!




fredag 26. mars 2010

Påskeferie og skattejakt

No har eg endelig fått påskeferie!! Og ka e ikkje bedre då enn å gå på skattejakt. Jakt etter gamle ting og tang. Det er noko av det kjekkaste eg gjer. So eg ska begynna min etterlengta påskeferie med skattejakt. Den startar heime hjå mamma og pappa. Der står det nemlig ein gammal skjenk og ein gammal stol å ventar på å få komma ut i lyset att. Det er besten (farfar) som har laga begge møbla. Han hadde nemlig ein liten møbelfabrikk i gamledagar. Og mens eg er på dei kantar, ska eg innom gjenbruks butikken. Den er full av gamle skattar og rare ting. Mon tru kva eg kjem heim att med i måro..eg gledar meg..  :D



Dette er oprinnelig ein bestikk- kasse. Den hadde pappa på kjøkkenet i sin barndomsheim. Eg fant den tilfeldigvis for nokre veker sidan då eg snoka litt rundt i verkstaden hans. Arbeidsbenken til pappa er faktisk ein del av da opprinnleige kjøkkenet i hans barndomsheim. Det var nemlig den eg var ute etter...


 

Denne "hengande duken" er eit anna gammalt funn. Den hadde bestemor på kjøkkenet sitt, og mamma hukser godt at dei hang på kjøkkenet i sin heim.


So no gleder eg meg masse te å få heim to gamle skatter til. Og kven veit, kanskje eg finn meir..Kjem tilbake med bilder og rapport  :)

Ha ei strålande helg alle saman!

Klem frå Christine

torsdag 25. mars 2010

Utfordring!

I går fekk eg ei utfordring frå fru-Andersen. Ei ROSA utfordring. Eg skulle finne 5 rosa ting i heimen, Enten på kjøkkenet, stova eller gangen. Og så rosa då ... eg som aldri har vore Opptatt av rosa prinsesse feminine ting i heile mitt liv! Dette skulle bli litt av ei utfordring tenkte eg. Så eg tok med kameraet mitt og gjekk på jakt. Til slutt hadde eg faktisk 5 ting! Jippi!

Så no sender eg utfordringa videre til Huset ved fjorden. Finn 5Raude ting i din heim, (stve, kjøkken, gang), legg ut bilder og sender utfordringa vidare. Då kan du velge farge. Gleder meg til å lese om resultatet!



   

Eit rosa påskeegg til pynt i stova.


Den nye Tilda Boksen min i ei kjøkkenhylle.
 

Ei litt vissen rosa rose på kjøkkenbenken.



Eit rosa hjerte på kjøkkenet som venter
på sin nye eigar.



















Den nesten nye Norheimen Jakken min
som heng i gangen.

Då trur eg at eg klarte utfordringa gitt! Og no har eg Sendt den vidare til huset ved fjorden. Blir Spennande og sjå kva ho finn:)

Ha ein fin Torsdagskveld. Nesten påske no:)

onsdag 24. mars 2010

Bitt av bassillen..

..bokstavlegtalt..har vore nede for teljing i 5 dagar no, men no begynner eg å bli rastlaus og kjenner at basselusskane begynner å sleppe taket. Ein annan bassill som har bite meg, er blogge bassillen. Eg er jo heilt totalt avhengig!! Begynner å få taket på å legga inn bilder og no. Dette er bilder frå mitt lune rede, og viser litt korleis vår og påskestemningen har komt øve meg :)

Noko av dette er dagens produksjon.

Dette hjerte fekk plass ute ved ytterdøra. Litt vårstemning.

Litt meir påskestemning inne.

Den spiselige pynten har faktisk fått ligga i fred i to
dagar- iallefall nesten...

Eg klarte det :)

Jadda, det e berre te å prøva og feila so lære ein. Eg fekk jo inn bilda, sjøl om de innlegget skulle vore først og so bilda..men men, neste gong ;) No ventar symaskina på meg. Litt fleire hjerter so må syast.

Ha ein finfin vårdag
Klem frå meg
    


tirsdag 23. mars 2010

Christines rede ser dagens lys!

Då er eg endelig ein del av den fantastiske blogge verdenen. Bilder og oppdateringer kjem, men eg er heilt ny i dette gamet så ha tålmod med meg..Eg gleder meg til å starte! Håper de vil kikke innom av og til :)

Ha ein fin dag alle saman.
Klem frå Christine

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails