tirsdag 31. mai 2011

Skattejakt på Kypros


Det er alltid spennande med skattejakt.
Er eg på tur, er det ekstra spennande å sjå om eg kan finna unike skatta.
Blant sitron,- og appelsintre kan ein finna dei utrulegaste skattar.


Iallefall gjorde eg det då me var på Kypros.

Berre sjå her:



Oljelamper, servise, gamle kjøkkenreiskaper..

Og ikkje minst denne:


Ein utruleg sjarmerande og gammal koffert!
Lure på kor den har vore på reis..

Men desverre fekk ikkje nokre av desse skattane bli med meg heim..
(Jada, eg var freidig nok til å spørja om eigarane var interessert i eit lite salg..)

So eg nøyde meg med to andre små skatta.


Ein liten knipling duk.
Sydd med ørsmå perfekte sting,


og eit skjønt putetrekk.
Dette har både broderi og knipling.


To skjønne små minner om ein fantastisk familietur :)


Ønske alle ein fin tirsdag!!



Klemma frå Christine




fredag 27. mai 2011

Kunst





Då me var på Kypros,
hadde me leigebil i to dagar.
Turen gjekk blant anna innom den lille fjellandsbyen Lefkara.
Denne staden er kjent for sin kunst innan sølvsmed og knipling.


Eg kan lova deko at det ikkje er lett å velga mellom alle desse kunstverka..
Ærsmå brikker, løpere, store duker, puter, sengeteppe...


og med tre gutta på slep kan da fort bli litt kjedelig venting..


Men med nokre skatta i handleposen
(kjem nok bilete når dei er komen ut av kofferten..),
og is i magen,
kunne turen gå vidare :)




Med dette ønskjer eg deko alle ei strålande helg!!



Klemma frå Christine





onsdag 25. mai 2011

Deilige Kypros!!




To deilige veke har gått.


Sol, varme, barnelatter, bading og litt strandliv.


God mat og masse is!!


Ulike aktiviteta.


17.mai feiring- Hipp, hipp hurra!!!


Me har storkost oss på Kypros!!!
Late og gode daga der me har opplevd masse,
og likavel fått lada batteria litt.

No må eg innom alle blogga og oppdatera meg litt..
men sidan eg har vorte sjuk, har eg nok litt tid te da.. :)



Klemma frå Christine




lørdag 7. mai 2011

Loppemarked



I dag har eg vore på loppemarked.
Eit av Bergens største.
Syns eg fant nokre fine ting.


Blanke og fine brett med litt patina,
sukkerskål, fem fine skåler,
kniver og skeier...


Etter loppemarkedet flaksa med avgårde,
og havna på Den grønne Baljen.
Ein ny og kjempe flott butikk på Wergeland i Bergen.
Besøket resulterte i litt fleire skatta,
og gode ideer blei med heim.


Har du ikkje vore på besøk der endå,
so  du ta turen!!

Ha ei finfin helg!


Klemma frå Christine



fredag 6. mai 2011

Rhododendro




Rhododendro.
Må vera verdas vanskeligaste blomster navn..
Men og ein av verdas finaste blome.


I hagen vår har me ein liten busk.
Lenge har eg trudd at den va strøket med etter harde vintra,
og mange fotballkampa..
Den har aldri blomstra,
so no vurderte eg å ta den vekk.


Men ein ettermiddag eg rakte i hagen,
såg eg at da va kome heile 6 fine knoppa på busken!!
Da gjelde å gje ting ein sjanse :)


No skal den få stå og pynta opp hagen.
Ser ikkje ut til at det er lenge til den slår ut i blomst heller :)



Ønske alle ei knakande god helg!!


Klemma frå Christine



onsdag 4. mai 2011

Prima ballerina




Då eg var lita,
drøymde eg om å bli ballettdansar.
Ballettsko og "strutteskjørt" stod høgt på ynskjelista.
Men det blei med draumen..


Men på loppemarked i København for ein månad sidan,
kom eg over desse velbrukte og fine ballettskoa.
Berre 20 kroner.


No manglar eg berre "strutteskjørtet",
so kan eg leika "prima ballerina" når eg er åleine heima ;)


Ellers går det i eitt her i redet.
Eg står på hovudet i kofferten.
Jobbar, og må prøva slappa av inni mellom slaga.

Hadde min 21. kur i går,
og no har eg berre 5 att!!
Da nærme seg slutten på behandlinga :)



Ønskjer alle ein fortsatt toppers onsdagskveld :)



Klemma frå Christine




tirsdag 3. mai 2011

Lavendel og award




Ein stor bunt tørka lavendel ligg på skatollet mitt.
Den luktar himmelsk!


Den skal delast opp i mindre bunter,
for so å bli plassert i kommodeskuffer med sengetøy.
Mmmmm, da kjem til å lukte godt :)



Og so har eg fått ein award.
 Den har eg fått frå Hilde.


1000 takk, Hilde. Set stor pris på den :)
Ho har den flotte bloggen Hilde`s verden.
Har du ikkje kikka innom den fine bloggen hennar,
so kan du gjere det HER!



Ønske alle ei fortsatt vårleg og fin veka!



Klemma frå Christine




søndag 1. mai 2011

"Skomaker bli ved din lest..."



For ei stund sidan fekk eg nok ein gammal skatt.
Det var denne gamle skomaker lesten.


Lurer på kven sine sko den har reparert...
Sko med mange forskjellege historiar.


Barneskoen har tvillingbror min og eg brukt når me var små.


Kortet som står i bakgrunnen er eit gammalt bryllupstelegram.
Flotte blomster og glitter.


Her har me hatt nok ei fantastisk helg!
Tenk å ha sommarver allereie i april!!



Ønske alle ei fantastisk flott veka :)



Klemma frå Christine





LinkWithin

Related Posts with Thumbnails