tirsdag 29. november 2011

Advent




Det fyrste lyset i staken er tent.
Tida mange av oss har venta på,
er endeleg her!


Slik ser staken vår ut i år,
ein kjøkkenform,
mose og konglar.
(og eit lite ekorn)


Lerkekvister og greiner pynter opp rundt omkring.
Det er naturen som gjeld i år.
Og visst kan ein finna mykje fint ute.


Ingen små fine juletre er kome i hus endå.
For veret minner ikkje om advent..
Vind og vassrett regn,
gjer sitt til at det ikkje fristar å dra på sanke tur!
Den fine engelen har eg fått av mamma :)


Ynskjer alle ein fin blåsbort dag ;)



Klem frå Christine




mandag 21. november 2011

Julestemning



Så var det ei ny veka- igjen...
Dagane fyk avgårde, og det nærmar seg advent.
Formen går opp og ner her i redet,
men julestemningen e byrja å ta seg opp :)
I dag har ein krok på kjøkkenet fått litt jul.


Eg prøver å julepussle litt kvar dag,
og det er godt å kobla verden ute i blant :)
Dei siste dagane har gått i nye kremmerhus og lys.



I går var eg på eit koseleg bloggtreff i "Den grønne baljen".
Kjem eit innlegg om dette om ikkje så altfor lenge :)



Ønske alle ein finfin ettermiddag!



Klem frå Christine



mandag 14. november 2011

Julepusslerier



I redet går det i julepusslerier for tida :)
Eg gler meg alltid til jul!
Ikkje gavene og maten.
Men alt det kjekke som ein kan gjera i forkant.


I dag har det gått i julekort.
Nostalgi og gamledaga.
Eg hadde iallefall likt å få eit slikt kort :)


Saman med kakao,
pepparkaker og levande lys
(og littepitt julemusikk)
kan det ikkje blir meir avslappande og koseleg :) 




Ønske alle ein julete kveld ;)




Klem frå Christine




torsdag 10. november 2011

Ei stjerne skinner



Når dagane er tunge,
og det meste er eit ork,
gjelde da å fylla dagane med positive tankar.


For meg er det godt å få drive med "pusslerier".
Ein kafetur med ei venninna.
Ein tur i skogen.
Ein kopp kakao.
Eit nytt interiørblad.


Dei siste dagane har gått i stjerner.
Desse skal selgast på julemarked.


Måtte stjernene skinne til alle som kikker innom :)




Klem frå Christine




fredag 4. november 2011

Julemarked


Eg har fått forespørsel om å vera med på julemarked.
Eit julemarked med heimalaga ting og tang.
Etter at kreativiteten hadde "bobla" og spira litt,
takka eg ja.


No kan spisebordet vårt rett som det er,
(arbeidsplassen blei viss for liten...)
flyta over av blonder, gråpapir, kakeservietta,
nostalgiske bilete, fyrstikkesker, hampbånd og masse utstyr!


Det er så kjekt å kunna sitta å halda på med slike "puslerier".
slappar eg av og stengjer verden heilt ute.


Opne kremmerhus, kremmerhus fylt med diverse godt,
"medaljonger", nostalgiske fyrstikkesker, julekort.



Kva synest du? Er dette noko du ville likt, og kjøpt...?



Ønskjer alle ei kreativ og fin helg :)



Klem frå Christine




LinkWithin

Related Posts with Thumbnails