torsdag 31. mai 2012

Sommartider



Sommar, sol og varme
har prega den siste tida.
Deilig å ta på lettare klede,
kjenna solas varme strålar på kroppen.


Men sommartid betyr og bloggtørke...
Ser det er slik for fleire.
Sommarveret og dens herlegheiter jo berre nytast!!


Ein herleg bukett smørblomar
får lysa opp i dagens bruktfunn.
Gamle mugger med limonade eller blomar,
det vakraste som fins!



Nyt denne tida, folkens!!
Det er den "bestaste" og finaste som fins :)




Klem frå Christine



mandag 14. mai 2012

Lyspunkt



Det stormar ute.
Veret minner meir om hauststorm i oktober
enn kom mai du skjønne milde..
Då er det godt å kunna kvila augene.
Kvila dei på gamle skattar.




Denne gamle fjøslykta fant eg på loppemarked i Amsterdam.
Eit fint lyspunkt i "stormande" tide.
Fint stilleben saman med gamle bøker og litt vårteikn :)


Ha ei finfin veka!!



Klem frå Christine



mandag 7. mai 2012

Eg gjekk ein tur på stien..



..og søkte skogens ro..




Ein tur i skog og mark,
er rekreasjon på sitt besta!!




Å sjå naturens mange under
og nyta fuglesang,
er det "bestaste" som fins!




Om sola skin eller sluddet lavar ner,
er turen lika god.



For her finn eg sjelero!




Ynskjer alle som stikk innom
ein fantastisk fin mandag  :)



Klem frå Christine



torsdag 3. mai 2012

Loppemarked



Det har vore tida for loppemarked mange stader no.
Sjølv har eg berre fått med meg eit lokalt loppis,
men også eit marked utanlands :)




Chiffonflaska på bilete var eit av funna eg gjorde 
på markedet i Amsterdam.
Fargen er berre heilt nydelig!
Den grønne flaska med tinnbeslag og det lille skrinet,
fant eg på det lokale loppiset i helga.




Gjorde fleire funn både lokalt og utanlands,
men må spara noko til ein an gong :)

Dårlig med blogging for tida,
men lysta går opp og ner...



Ynskjer alle ein fin torsdagskveld!




Klem frå Christine



LinkWithin

Related Posts with Thumbnails