torsdag 29. april 2010

Prosjekt korgstol

Tuddelidu..! No e prosjekt korgstol ferdig. Da e både kjekt og koselig å halda på med slike småprosjekt, og når ein samtidig får renska opp i litt rot og skrot, ja då e da jo berre velstand, hihi.. :)



















Ved nedgangen te kjellarstova, har me ein liten plass so lenge har våre te oppbevaring av diverse rot, og te oppbevaring av ei stooor treningsmaskin- ei nesten ubrukt...So no har eg rydda denne plassen.
Før såg det sånn ut:













No ser det sånn ut:



















Min heilt egen plass! Her kan eg sitta å nyta ein kopp te, slappa av og drømma meg vekk med interiør blada mine ;) Detta blir skikkelig bra, YAHOO.. ;)















Denne hylla e kjøpt på eit av mine siste loppemarked, og spraymalt antikk kvit. Har hengt opp litt ting eg syns e fine.














Oppå hylla står favoritt figuren min. Den fekk eg sist morsdag av fugleungane mine. Den er berre sooo fin og spesiell! Koppen har eg kjøpt på gjenbruks butikken. Har ein tilsvarande med Far på.

Hanepane va- selvfølgelig- skeptisk te konepones nye prosjekt, men nok ein gong måtte han innrømma at da blei faktisk bra! Og ken va da so lurte seg te å prøvesitta først...  ;)

Då vil eg ønska deko alle ein fortsatt fin dag! Håpe de snart stikk innom meg att :)

Smil og klem frå Christine

onsdag 28. april 2010

Mitt skip e lasta med bolla..

men mitt kjøkken e lasta med rot og kaos...egentlig blir eg litt sur og irritert av rot på kjøkkenet. Der eg ha da litt ryddig og veta kor ting e. Men i dag MÅTTE fleir ting skje samtidig : Laga middag, laga bolla, hjelpa Kasper med leksene, dekka bordet og selvfølgelig lesa litt blogga. Då må konepone ta på skylappa, og håpa på bedre tide..


Men då leksene va gjort og middagen fortært, sendte eg hanepane og dei to minste fugleungane på butikken. Eldstemann sette seg på rommet i djup konsentrasjon med nintendoen sin. NO skulle konepone få bukt med rot og kaos på kjøkkenet!

Kasper e heilt fortapt uten nintendoen sin...

Men konepone blei fornøyd med å ha fått orden på kjøkkenet sitt att :)


Og mens ungane såg barne- tv og mannen jobba, laga konepone ein god felles bolle kvelds for heile familien. Da blei ein stooor suksè!


No ska eg gjera siste finish på prosjekt korgstol. So i måro kjem endelig innlegget om den. Følg med følg med!  ;)

Ha ein finfin kveld.

Smil og klem frå Chistine

tirsdag 27. april 2010

Fotball og engla

I dag hadde eldstemann sin første skikkelige fotballkamp. På kunstgras, i sol, masse publikum og stolte foreldre. Minuset va berre at dommaren ikkje dukka opp, so hanepane måtte dømma...Kasper hadde nok sett for seg at hanepane va på deira lag, men da går jo ikkje heilt..so når hanepane må dømm frispark mot sonen sin e da ikkje alltid lika lett. "Jammen, pappa, da va mitt frispark. Heie du ikkje på oss?"  Etter kampen (da blei tap, 3-4 te de andre) va Kasper ganske so molefonken, og meinte at alt va pappa sin feil.. Men litt stolt og glad va han likavel, for han scora da eine målet :) Då va konepone stolt ja :)


Mange syns at engla høyre te i jula. Men eg e ein av dei so syns at engla går an året rundt! Eg har vorte soglad i mangen av dei fine bilda te Sagen, og kunne hatt de overalt. Eg har laga nokre englebilde sjøl og.

Dette bilde heng i gangen.

Dei neste bilda har eg laga sjøl.




Ellers styre eg litt med prosjekt korgstol. Da e snart ferdig, og då kjem da eit innlegg og bilde :)

Ha ein finfin kveld, adle i hop ;)

Klem frå Christine

mandag 26. april 2010

Da e ikkje gull alt som glitrer..

Mange sei at vår mellomste fugleunge har arva min kreativitet og sans for hobby ting. Men når huset er fullt av glitter og lim, so e eg no ikkje heilt sikker på den saken..e jo kjekt at han like å teikna, mala og glitre, klipping og liming..men ikkje alltid når han begynne når da e kveldsmat. "Isak, neste gong trur eg me må gjera da når mamma ikkje heima.." Høyrte eg den minst fugleungen sa te han då eg måtte vera litt streng og be de om å rydda (for 1000 gong- minst..). Då måtte eg flira litt :) Resultata blir alltid bra, og ikkje veit eg kor eg ska gjera av alle barne kreasjonane. Må jo beholda de..
















Fridagen min har gått med te å rydda litt i den eine boden, og te å kjørt MASSE søppel på dynga! Godt å få da vekk. Men i ettermiddag sat eg med symaskina og koste meg. Da blei ein fleece kjole te, og nokre puter. Putene e te eit prosjekt som eg ska komma tilbake te om nokre daga :)

Blei ikkje heilt fornøyd med denne todelte knytekjolen, men må vel bli godkjent sidan da e mitt andre plagg eg syr. Ein lærer av feiling og prøving :)

No må eg forbereda mårgondagen, må tidlig opp..ikkje alltid lika lett å komma seg opp..Ønske deko ein finfin kveld :)

Klem frå Christine :)

søndag 25. april 2010

Heimalaga

Eg syns da e so kjekt med heimalaga ting, ting som eg er fornøyd med og som eg har laga sjøl. Dette innlegget er om to slike ting.

Etter loppemarkedet i går var eg på stoff og stil å kjøpte litt stoff. dette skulle eg prøva å produsera ein fleecekjole av. Eg klipte etter ein hadde i skapet. Sydde i vei og koste meg. Syns da gjekk rimelig bra, sjøl om hetta blei sydd på tre gonger..men, alle gode ting er tre ;) Kjolen set innte i overkroppen og svinger litt utfrå livet og ner. Den satt som eit skudd! Og hanepane blei reint imponert over konepona si. So i dag har eg "sprada" rundt i den nye kreasjonen, og takka fint for positive og fine kommentara :) 




 
 
Dagens heimalaga, er dekorerte lys. Har sett so mange som har dekorert kubbelys med servietter. Det er so fint. So i kveld har eg og prøvd meg på det. Var kjempe lett jo! Og blei ikkje so verst, om eg ska sei da sjøl :)



Dei har fått plass på bordet i sofakroken vår. Trur eg må laga fleire sånne. Fine å gje i gave og. Tenner levande lys heile året eg, og då e da godt IKEA har billige kubbe,- og te- lys :)

Ønsker deko ei alle ei finfin veka, og god natt. Sjøl har eg fri i måro, og har planar om å vera litt kreativ framfor symaskina :)

Klem frå Christine

Lego og søndagskveld

I dag har mesteparten gått med til å vera på håndball cup med eldstemann. Kjekt å sjå kor unga kan kosa seg på banen, og gleda seg øve andre sine prestasjona!

Ellers i dag har da vorte bygd litt lego. Vår mellomste fugleunge ELSKAR lego, og har innvadert stova sia jul. Da e ikkje alltid lika kjekt når da ligg strødd med klossar og småmenn praktisktalt øve alt..so i går fekk han ei gave frå meg. Ein gammal koffert kjøpt på loppemarked.


Den store opne legokassen blei bytta ut med den ganle kofferten. Kofferten hadde reim i lokket, so her kan han oppbevare dei store bretta so som regel ligg strødd. Han blei kjempe fornøyd, og mamma og. No rydde han faktisk opp etter seg når han er ferdig, legg klossar han ikkje buke opp i kofferten. Ventar me besøk, eller konepone vil ha det litt ryddig, ja så lukker me den berre :)

Ellers har eg fått sydd meg ein fleece kjole, kjem kanskje i eit anna innlegg. No e da slutten på ein spennande Brann kamp og kroneis :)

Ønske deko alle ein fin søndagskveld.

Christine

lørdag 24. april 2010

Lørdag og loppemarked

Tidlig lørdagsmorgon bestemte konepone seg for å dra på loppemarked. Hanepane sa ikkje nei, og med tre fugleunga på slep la de i vei. Frukost i bilen (knekkebrød e ikkje anbefalt i bil..) og nokre regndråpa frå himmelen.

Glade og fornøyde kom me 10minutt før de skulle opna, berre for å sjå at da allerede var fullt av folk. Konepone langa ut, men e vist ikkje heilt komen inn i detta med loppemarked endå..for den eine godbiten etter den andre blei so og sei røska utav hendene..lettare oppgitt fortsette konepone jakta. Og jammen blei da ikkje napp! Ein gammal koffert og kurvstol. Konepone trudde ikkje hanepane skulle godkjenna kjøpa, men jammen sa han berre "gjer so du vil." Hmmm tenkte konepone, og slo te! Ungane va fornøyd, bortsett frå at de va litt kalde, dei hadde fått godt utbytte i leikeavdelingen.

Kofferten fekk eg pruta ner 100 kroner, og var godt fornøyd med da. Då eg kom heim, viste da seg at han va stappfull av julepynt! Stjerner, staker, lys, engler og diverse.

 
Då alle var fornøyd sette me oss i bilen for å kjøra heim. Men hanepane fekk ein ide! Ein veldig god ide. Sidan me va no på farten, og da va eit loppemarked te like i nærheten, skulle me ikkje berre nett ha stukke nasen innom og sett litt..? Konepone lurer på om hanepane er småsjuk, men seier ikkje nei takk te loppemarked!

Konepone får med seg norgesglass, eit bilde; eit lite syskrin. Slalom ski og litt småtteri te ungane får også plass i ein pose. So med bollar og brus i magen ber da heimøve. Konepone lurer seg te å spørja om da greit at me stoppar på stoff og stil på heimveien, og jammen sei hanepane at "da går sjølvsagt fint."  ....no lurer virkelig konepone..men fornøyd og glad handlar ho inn stoff og so ber da heim :)

 


Dette bilde berre måtte eg ha med heim. Ingenting å sei for den 10`eren :)

Ka so skjer med koffert og stol kjem i eit seinare innlegg, for eg har eit heilt spesielt prosjekt for kvar av dei.

Håpe de andre har hatt ein finfin dag og, både med og uten loppis :)

Klem frå Konepone

fredag 23. april 2010

Fredagskveld

Då var helga her nok ein gong, og det er i grunn like godt kvar gong. I kveld ska hanepane og konepone berre kosa seg og slappa av. Me ska faktisk innta sofaen i tv stova og sjå film. Og når ein e på "kino", høyrer det jo alltid med noko godt ;) Hanepane har kjøpt smågodt og eple cider te konepone, for da e noko av da besta eg kan få!

So med "sprudlevatn" i glaset og snopet klart i hjarteskåla, ønskjer eg deko alle ein fin og sprudlande fredagskveld ;) 

Avsluttar med eit bilde av blomsterbuketten me fekk for to dagar sidan. Syns den e so fin no når den har sprunge ut i blomst.

 

Klem frå konepone

torsdag 22. april 2010

Bryllupsdag og askefast

I går hadde min kjære hanepane og eg 9 årsbryllupsdag! Tenk det, allerede gift i 9 år! Tida har gått utrulig fort.

 Eg huksar godt det stappfulle lille kapellet på heimstaden min, brudekjolen, buketten, alle dei fine og rørande orda i talane, gjestene, og ikkje minst: BRYLLUPSREISA! Me var i Sorrento, ein kjempe fin liten by sør for Napoli i Italia.

Men, nok om da. I går hadde me bryllupsdag, og me hadde avtalt at me skulle kosa oss. Jadda..da blei ikkje akkurat drøymekvelden..hanepane MÅTTE jobba, for han skulle på viktig møte i Danmark, og konepone va sliten og ville berre legga seg..so bryllupsdagen ska me feira i helga. Men to ting va koselig. Då eg kom heim hadde mamma og pappa fått denne fine buketten levert på døra vår:


Som mange andre damer, elskar eg og blomster.

Ting nummer 2, var denne kjempefine oppsatsen eg fekk av hanepane:

Nokre av mine yndlingsblomster og fargar i skjønn forening.
Konepone va sliten, men glad for å bli huska på :)

Som sagt, so skulle hanepane på møte i Danmark i dag. Men han kom fort heim att frå flyplassen. Tenk å vera askefast i sin eigen heim! Konepone blei jo litt glad for da, for da e ikkje alltid berre berre å vera "aleinemor" te tre små viltre fugleunga so ska leverast og hentast og helst vil flyga kvar sin vei..So konepone syns da va bra at hanepane va askefast i heimen ;)

Ønsker alle saman ei fortryllande god natt!

Klem frå Christine

tirsdag 20. april 2010

Prosjekt bearbeiding- avslutta

For dei so har følgt med på bloggen min, hadde eg eit innlegg for ei stund sidan om å bearbeida hanepane. Eg ville ordna litt i tv stova, men ikkje han.. So etter å ha vist dådyr auge, smilt sjarmerande og brukt god argumentering, har konepone vunne nok ein diskusjon i rede!

So i går var konepone på shoppin- igjen..og heim kom konsollbord, veggskap og diverse småting. Og i ettermiddag har eg ordna litt, og alle de gamle bøkene har fått komt opp av frysen. Eg må sei at eg blei ganske fornøyd med slutt resultatet. De kan sjå sjølv, og legg gjerne att ein kommentar :)


Under bordet har ei stor korg med ulike stoff fått plass.
Om den får oppholdstillatelse er endå uklart.


Mange av bøkene hadde fine mønstrete omslag.
Alle bøkene var frå midten av 1800 tallet.




Den øverste salmeboka her er ein av mine favorittar.




He ein finfin kveld.

Klem frå Christine :)

mandag 19. april 2010

Gaveleik- pay it forward




"Ta den leik og la den vandre, frå den eine til den andre...."
For nokre veker sidan blei eg med på ein gaveleik, eller det som mange kallar Pay it forward, på Villa Klaraberg si sida. Og i dag låg da ei fin pakka i postkassen min. Da va ei pakka heilt etter min smak! Eit kjempe fint hjerta fylt med lavendel, ein hjarte knagg, eit skilt te kjøkkenet og to fine "kort".
1000 1000 takk Villa Klaraberg :) Dette er ein blogg eg er innom kvar dag. Den er so fin og inspirerande! Ta ein kikk du og :)


No e da min tur te å senda leiken vidare. Les dette før du blir med:
Dei tre første so skriv ein kommentar te dette innlegget, får i løpet av mai ei lita gave frå meg. Når gaven e mottatt, må de visa eit bilde av den på bloggen deka, med ein link tilbake til min blogg. Deretter e da deka tur te å senda leiken vidare te 3 nye.

No ventar eg i spenning på kven so "melde" seg på :)

Ha ein finfin kveld :)

Klem frå Christine


søndag 18. april 2010

Stillhet og levande lys

Set med spisebordet og har ei stille bloggestund. Ungane e lagt, og huset e heilt stille. Okei då, ikkje heilt stille..hanepane set å ser på fotballkamp. Eg ska snart joina han. Eg e vel kanskje ei av dei jentene so faktiske må ha meg seg ein dose fotball! Men måtte berre innom her ein tur først :)

Etter loppemarkedet i går, var eg innom Farmorshus i gullgruven. Der hadde de 50% på ein del varer! Yahoo! So detta brettet, hyssingen og dei to telysestakene i netting fekk bli med heim. Fant meg også ein kjempe søt kjole i dus corall farge m svarte prikker. Perfekt til vår og sommar :)


Ønskjer alle ein fortsatt fin kveld, og ei god natt :)

Klem frå Christine

Søndag og nysnø...

I dag vakna me te nysnø og fuglekvitter. Ikkje akkurat drømme scenarioet no når eg va so innstilt på vår og varmare tide..Men får berre håpa at om eit par daga e da varmara og sole skin :)

I dag tenkte eg at eg skulle visa eit par bilde frå eldstemann sitt rom. De har ikkje fått sett so masse av huset vårt, for eg har vel stortsett vist skatta..men ungane våre e den største skattane me har :)

Der det er hjerterom er det husrom.
Alle soveromsdørenen våre har kvar sitt hjerta.



Rommet er ikkje så stort. Og sidan me ville ha golvplass, droppa me skap. So senge te Kasper er bygd på kjøkkenskap frå IKEA. I haust begynte han på skulen, og då måtte me jo fiksa ein liten leksepult te han. Ka ein kan få plass te på liten plass. Godt tips te andre so måtte slita med plass mangel :)




Kasper er ein fotballgutt, og da vise jo godt på rommet hans. Fotball pute, fotball gardiner, fotball sengetøy, fotballsekk....Og so e han veldig glad i spel, so hylla øve senge begynne å bli ganske full no..

På veggen har han og sjølvlaga kunst.

Ønsker alle ein finfin søndag :)

Klem frå Christine


LinkWithin

Related Posts with Thumbnails