fredag 23. desember 2011

Lillejulafta




Lillejulafta er her allereie.
I redet har me byrja å senka skuldrene.
For døra står julekos, familie hygge,
god mat og familieselskap.


Året som har gått vore fylt av både gleder og sorger,
latter og bekymringer.
Om du bur i hytte eller villa, 
tjener mykje pengar eller druknar i gjeld, 
til sjuande og sist er det berre ein ting som verkeleg gjeld...


..det er nære, gode, trufaste og ærlege menneske
som vil deg det beste- fordi dei er glade i deg- akkurat som du er!
Denne jula skal eg tenka på dei eg er glad i,
og kor heldig eg egentleg er :)





Ønske alle ei god og fin jul,
og eit riktig godt nyttår!!




Klem frå Christine




tirsdag 20. desember 2011

Eit gammalt brett..




...har fått plass på spisebordet vårt.
Det har eg kjøpt av ei bloggvenninne.


Det er ikkje så mykje pynt som skal til
for at blir litt julestemning :)


På eit skap i stova står ei gammal suppeterrin
eg har fått av ei anna bloggvenninne.
Tre sviblar og mose.
Nokre heimasnekra kremmerhus er fylt
med lerkekvister og litt furu.
Det enkle er ofte det beste :)


Ønskjer alle ei fin siste førjulsveka!


Klem frå Christine



fredag 16. desember 2011

Skatoll



I stova står skatollet mitt.
Besten laga det for mange år sidan.
Til no har det vore overfylt med julepuslerier.
Men etter julemarkedet blei det rydda.


No er det pynta til jul.
Eit lite juletre, lerke kvistar,
gamle skatta og ein svibel eg har fått av 
ei venninne/bloggevenninne :)




Ønske alle som stikk innom ei
finfin adventshelg :)




Klem frå Christine



torsdag 15. desember 2011

Etter min morfar..



Det er nok fleire enn meg som likar å gå på skattejakt.
Og då meiner eg ikkje gull og diamanter.
(Sjølv om det kan vera kjekt å ha..)
Det er mange av våre foreldre og besteforeldre som har skattar
i både skap og skuffer.


På Trondheimsturen min,
fant eg ein bruktbutikk eg falt heilt for!
"Etter min morfar".
Det var som å komma inn i eit "besteforelder hus!"
Roen, tingene, atmosfæren....
Nokre skattar blei med heim,
men eg kunne fått med meg mange fleire...


Som mange andre i blogglandia,
syns eg kvitt er fint.
Men eg kunne aldri hatt ein "kvit heim"..
Så hjå oss er det teak møblar.
Denne hylla her var derfor PERFEKT!
Gardinene blei og med i posen min.
Dei skal me ha i campingvogna,
som skal vera retro :)


Så dersom du bur i Trondheim,
eller ska på besøk til byen,
så ta turen til Bakklandet.
Her er det mange fine butikkar
og kafèar som absolutt er verdt eit besøk!!



Ønske alle ein fin torsdag :)



Klem frå Christine




tirsdag 13. desember 2011

Julemarked




Det er snart ei veka sidan eg var med på årets julemarked.
Men sidan eg har vore i Trondheim ein tur,
og lova litt bilete,
so kjem dei først no.


Eg fekk solgt ein del,
og det er kjekt når andre set pris på det ein lagar :)


Andre som er gode på julemarked,
er Trondheim by!!
Er vel ein av få bya i Norge som har hatt
julemarked som tradisjon i fleire år.


Her er det mange små boder med masse heimalaga.
Strikka sokka, votta, snop, glass og porselen,
smykker, julenek, og julekranser,
heimebakst og gløgg.


Etter å ha budd 11 år i Trondheim,
er det alltid kjekt å ta den årlege turen nordatt.
Denne gongen fant eg ein ny bruktbutikk eg "forelska" meg i.
Meir om denne i neste innlegg :)




Ønske alle ein finfin Lucia ettermiddag!


Klem frå Christine




fredag 9. desember 2011

"Barteby" tur




Julemarkedet er vel overstått!
Og jammen fekk eg ikkje solgt ein del og :)
Det er kjekt når sjøl laga ting blir satt pris på av andre.
Bilete må komma litt seinare,
for no set eg i sjølvaste "Bartebyen"!
Det er avslapping, shopping og julebord.





Ønske alle ei god førjulshelg!


Klemma frå Christine




tirsdag 6. desember 2011

Julemarked kaos



Julemarked er kos og hygge,
koseleg prat og gløgg, strikka votta og sokka,
heimalaga "stæsj", og mykje fint ein kan gje i julegaver.


Eg har i tidlegare innlegg vist diverse heimalaga.
Dette skal selgast på julemarked i morgon.
So i dag har redet vore eit kaos!!
Alt ska pakkast ner, og ingenting må bli skada..
Og midt i kaoset blei konepone redd for å ha for lite...
Så nokre "lerke bukettar" blei laga
og pakka ner med kremmerhus, salte mandlar,
julestjerner, julekort, julelapper og litt til.




No står alt ferdig pakka og venter på å bli solgt.

Så no må de berre komma på julemarked folkens!!!
Her kan du få tak i mange fine julegaver :)


Indre Arna,
Andreas Gjelleviksvei 18,
Klokka 1700 - 2000.


Ønske alle ein fin ettermiddag og kveld!


Klemma frå Christine






torsdag 1. desember 2011

01. Desember




Så var desember komen.
Jammen har hausten gått fort!!


Ungane i redet har lurt fælt på om kalendarane blei ferdige i år.
Og i gårkveld blei dei hengd opp.
72 pakker er pakka inn.


I dag har me kost oss med pepperkake baking
og sjølvsagt julemusikk til arbeidet ;)
Dei to yngste holdt ikkje ut så lenge,
men eldstemann og hanepane koste seg.
(Og hanepane åt så masse deig at han fekk vondt i magen..)




Ønske alle ei finfin adventstid!!



Klemma frå Christine





LinkWithin

Related Posts with Thumbnails