onsdag 27. juli 2011

Verdens auge...



...er retta mot Norge.
Det lille landet langt mot kalde nord.
Dei siste dagane har prega heile Norge,
og verden ser med beundring på det lille landet.
I staden for å visa hat og bitterhet står me saman.
Me viser kjærleik, omsorg og medfølelse.


Mange har lagt ner blomar og tent lys,
me har gått i fakkeltog og holdt appellar.
Sitatet frå ei ung jente er vorte kjent verda over:

"Viss ein mann kan vise så mye hat,
tenk hvor mye kjærlighet vi alle kan vise sammen."





Ta vare på kvarandre også i kvardagen.




Klemma frå Christine



lørdag 23. juli 2011

Uverkeleg.....



Me er framleis på ferie i Danmark.
Me har kost oss kjempe masse!
Men å sjå på de som no har hendt der "heime",
er berre heilt uverkeleg...
Det mange frykta kunne skje i vetle Norge, har hendt.
Tankane går no til alle dei etterlatte.
Det er no me verkeleg må står saman.



Klemmar frå Christine


onsdag 6. juli 2011

Ferietid!!



Gradestokken viser heile 26 grader i skyggen!!
Sola fer titt og ofte bak ei  sky.
Det er deilig på terrassen.
Endelig kan me nyta litt sommarfølelse :)


Eg pakkar i bilen.
I morgon reiser "Familienkork" på ferie.
Nesten tre veker ute av redet..
Det skal bli godt.
Satsar på toppers sommar vêr!!
Blir kanskje eit og anna innlegg på bloggen,
kven veit ;)


Håper alle nyt sommaren,
anten det er inne eller ute :)

(Bileta er frå årets Kypros tur)


God sommarferie folkens!!!



Klemma frå Christine




LinkWithin

Related Posts with Thumbnails