torsdag 30. september 2010

Nye skatta



For dei so har fulgt litt med på bloggen min,
so e skattejakt noko av da kjekkaste eg veit.
Mange skattejakter har foregått i mamma og pappa sitt hus,
og ein skulle tru at huset va renska for godbita no.
Men neida, da e ikkje tomt endå :) 
For nokre daga sia kom pappa med ein gammal stol,
og ein gammal original margarin kasse eg har gått å sikla etter lenge.
Kassen har hengt i skykka/ uthuset i 50år, so eg va redd den va ødelagt.
Men pappa e handyman nr.1, og da e ikkje ein ting han ikkje kan fiksa :)
Både stol og kasse trengte litt førstehjelp og ein kattevask,
 og då va pappa rette mannen. 
Berre sjå kor fine de blei!!

Eg e so fornøyd og glad for de. 1000 takk pappa!


Foreløpig får de stå sånn, men eg e ikkje heilt sikker på stylinge..
ka syns de..?

Dei to siste vekene har formen min vore bra, og da e godt å kjenna at kroppen
virke litt att etter gammalt :)
Ønske deko alle ein toppers høstdag :)
Sjøl ska eg ut på terrassen og nyta nok ein flott dag. Sånt gjer energi :)

Klemmer frå Christine





onsdag 29. september 2010

Husfred

Ein grønn liten blome kan brukast te so mangt.
Kanskje ikkje på sjølve husfreden..


Sjøl når da e skår i gleden, kan den faktisk brukast te noko.
Eg fant jo detta skjønne servise på loppis på lørdag, og eg klarte ikkje gå i frå da.
Sjøl om berre ein kopp va heil..men eg tenkte at eg heilt sikkert kunne bruka de te noko,
 og da kunne eg jo :)


Ein fin liten grønn husfred.
Eg delte den i to, og vips fekk eg brukt to av koppane :)
So no har eg ein skjønn liten husfred på pianoet,
og ein i ei hylla saman med eit gammalt brudebilde.


So gjenstår da å sjå om den kan hjelpa på sjølve husfreden ;)

Har litt skatta eg har lyst å visa deko og, må berre få de på plass først.
Og so e loppis bordet mitt ferdig malt, og snart på plass :)

Ønske alle sammen ei fortsatt fin veka.

Klemmer frå Christine


lørdag 25. september 2010

Loppis!

Det er ein knallfin haustmorgon, og tre jenter stabler seg tidlig på beina og
 inn i ein liten druegrønn bil.
Me er sooo klare for loppemarked og skattejakt.

Då me kom fram var det berre te å finna fram spisse albuer og streng mine.
Men av og te blei me ståande litt utafor og sjå forvirra på korleis folk
kan opptre på eit loppemarked.
Me følte oss litt som dei stakkarane so står i matkø i fattige land...
Folk va rett og slett smågal!!

Diverse servise, kanner, bestikk, karaffel, klokke, møbler og
kjøkkenting blei pruta på og betalt.



Sjølv fant eg eit super skjønt servise, men sidan folk hadde gått litt amok i uopna kassa, va ein del av det vorte knust eller fått skår. Men eg kan bruka noko av da til ulike små prosjekt og stillebein. Eg klarte berre ikkje å gå i frå da..


Ei sånn klokka har eg sett etter ei stund,
og i dag vart dennne mi for berre 20 kroner!!

Bordet som tinga står på, fekk eg og for ein billeg penge. Dette ska de få sjå meir av ein anna dag. Da ska malast og få nye knottar først.

Etter å ha vorte dytta, skubba, dulta og stått forskrekka i ein krok for å få att pusten,
sette me oss godt tilrette i den druegrønne bilen att.
Det var godt med stillhet og albuerom.
Alle var einige i at da hadde vore ein fin, men strabasiøs loppetur :)

Ønske alle sammen ei fortsatt god helg :)

Klem frå Christine









tirsdag 14. september 2010

Tjoheisann!

Jadda, eg e her :)
E nett innom å ønske alle ei toppers veka!
Sjøl har eg da ikkje so verst, te tross for ny kur i går.
Ser lyst på livet, og tar ein dag av gangen. Da va den siste av de tøffaste,
so no satse eg på bedre tide, og har diverse reiser å sjå fram mot i løpet av hausten :) Eg gleder meg MASSE!!


Ei (nesten) alltid lika blid og fornøyd konepone. Detta bildet blei tatt i ein liten
koselig landsby i Danmark i sommar.

Ha ei toppers veka folkens.

Klemmer frå Christine

fredag 3. september 2010

God helg!

Kikke nett ein liten tur innom for å ønska alle saman ei knakande god helg!
Sjøl ha eg fått beskjed på å ta da med ro og slappa av.
Skal fylla skåler og glass med noko godt, og tenna levande lys :)


Sidan sist har eg vore ein tur på Haukeland te observasjon i to daga.
Blei so forkjøla og vondt i halsen, og når feberen kom snikande va de redd for infeksjon,
og ville ha meg inn til observasjon sidan eg slit litt med lavt immunforsvar pga cellegiftkurane.
Heldigvis fekk eg komma heimatt i går med beskjed om å ta da med ro,
og ha lav terskel for å ta kontakt viss da forverra seg.

Men i dag er eg betre, og ser fram te ei stille og rolig helg.
Fugleungane ska te besteforeldre, og konepone og hanepane
ska få på plass den nye superdupre senga si :)
I kveld ska me slappa av og kosa oss :)


Håpe de alle sammen har eit lika strålande ver so meg,
og at de får ei knakande go helg!


Klemmer frå Christine






LinkWithin

Related Posts with Thumbnails