onsdag 25. august 2010

Eit lite prosjekt

Da gjelde å ha noko lite å kosa seg med.
Da e faktisk utrulig ka so går an å gjera liggande.
Både strikking, klipping, lesing og liming går fint an, viss ein legg litt god vilje te :)
For ei tid sidan bestilte eg nokre wallstickers hjå Hilde Heimdal.
Og heldige meg fekk med eit ekstra!
Dette visste eg med ein gong ka eg ville bruka te, men da har likssom ikkje vorte..
Men her ein dag fant eg fram da eg trengte og benka meg i senge.
Og voila, her e resultatet:


No heng det over senga i lag med "Kyss meg alltid god natt".


Ei gammal ramma kan brukast te so masse :)

Då eg rydda på rommet vårt forrige veka, fant eg den gamle barnehagesekken min. Hadde heilt gløymt at eg hadde funne den på ei skattejakt
heima hjå mamma og pappa.
No har den fått seg ein fin plass ved konsollbordet mitt.




Takke alle sammen for gode og oppmuntrande kommentara. Da hjelpe på når formen e dårlig, og eg helst vil gje opp alt og grava meg ner..

Ha ein finfin onsdag :)

Klemmer frå Christine


søndag 22. august 2010

Hiv o hoi!

I to daga har me feira!
Tenk at minstemann, keiseren vår, allereie e vorte 4 år!
Tida går visst altfor fort..
Og da e ingen tvil her i heimen, han e ein sjørøver!
Både titt og ofta ljome Kaptein sabeltann sangen frå rommet.
Stasen va derfor stor då han fekk ein bærbar cd spelar med mikrofon!
So no har me konsert kvar dag.
Og då han i tillegg fekk alt da ein ekte sjørøver treng, va da ingen tvil om at feiringane hadde vore perfekt!


..og uten mat og drikke, duger sjørøveren ikke..


I måro begynne ei ny veka. Eg ska ha min 3. cellegiftkur, og e litt spent..
men da går sikkert bra denne gongen og :)

Då ønske eg alle ei toppers veka!
Hiv o hoi :)


Klemmer frå Christine

onsdag 18. august 2010

Frå rot og kaos til hobby og kontroll

I går begynte eg på eit prosjekt eg lenge har villa starta på, men ikkje orka.
Men no va motivasjonen på plass, kanskje fordi eg har lagt ein del i senge og gremma meg øve rot og kaos so har regjert der..so eg trossa smerter og fin ver og tok te- med klesskapet mitt. Gurimalla kor masse kle eg egentlig har so eg aldri bruke..Og når eg va midt oppi alt, kom eg te å tenka på kor masse rot da egentlig blir når ein ska prøva å gjera da ryddig..men resultatet blei strålande! Til og med hanepane va imponert.

FØR:

Snakk om rot og kaos..eg e nesten litt flau, men sånn kan da gå når konepone ikkje klare å rydda og ting berre sånn midlertidig blir lagt på skrivebordet..

ETTER:

Diverse bokser te oppbevaring av ting og tang ein treng for å sy. Boksane i metall er kjøpt på loppis i Danmark i sommar. Babushka boksane e kjøpt på Søstrene Grene i Stavanger.

Skatollet har besten min laga. Her lager eg smykker, kort og eg maler og teikner litt.

No glede eg meg te eg klare å sitta vanlig på stol so eg kan nyta plassen, og ha kontroll på hobbysaker :)

So vil eg takka for alle so har vore innom bloggen. Både dei so ha kommentert og dei so har kikka. 1000 Takk :)

So vil eg ønska deko alle saman ein toppers kveld :)

Klemmer frå Christine

torsdag 12. august 2010

Tålmodighet og strikketøy


Da e eit ordtak so sei at "tålmodighet er ein dyd". Og da stemme. 
I løpet av dei siste vekene har tålmodigheten min vorte ganske so tynnslitt..
Da krible i kroppen, og klør i fingrane etter å få utført nødvendig rydding og diverse prosjekt.
"Du må vera tålmodig", sei folk. Tålmodighet "in my ass"! Tenke eg. Unnskyld uttrykket, men da e sånn da føles..
So i dag tok eg m strikketøy og sette meg ut i den gode boden boden stolen.
Med strikketøyet i fanget, 17 grade og ei sol so leike gøymsel, slappe eg av og nyte stillheten, freden og utsikten. Ikkje da at me har so god utsikt..hverken te hav eller gull og grønne skoga..





Men medan eg set der, i skjul bak alle buskene, tenkte eg at livet da e faktisk heilt ålreit. So medan sole kikke meir og meir fram, fant eg ut at eg jammen meg ska smørja meg m berre pittelitt meir tålmodighet, nyta freden og strikkatøyet :)


Ha ein toppers avslutning på veko folkens, og tuddelidu :)


Klemmer frå Christine





torsdag 5. august 2010

Venna og bedre tider..

"Stille tar jeg hånden din, og klemmer den så.
Snill og god er du, av deg finnes det få.
I tankene får du en varm og god klem.
Ikke alle forunt å ha deg som venn."


Detta diktet fekk eg av ei av mine kjæraste og beste venna.
Da va den dagen eg skulle inn å få min andre kur.
Eg grudde meg ikkje, men va spent.
For ryggen og isjasen har slått seg skikkelig vrang.
Eg lurte på korleis eg i all verden skulle klara å sitta å ta ein kur, og korleis eg skulle komma meg frå bilen og bort i rett bygg..
Men på alle sjukehus har de rullestola!
Yahoo!! Fortare hanepane! Fortare! Full rulle og action i de underjordiske gangane. Ein har ikkje meir morro enn ein lage sjøl ;)
Og kuren gjekk so ein leik. E fekk ligga i ei varm og god seng,
og fekk både mat og drikka underveis:)
Men best av alt denne dagen, va diktet eg fekk av min kjære venn. Da e godt å veta at nokon tenkjer på ein når ein har det trasig og alt ser litt mørkt ut :)

Egeskov slott i Danmark, juli- 2010.

Da e litt frustrerande å ikkje klara noko enn å ligga å ta da m ro..eg so har so mange prosjekt so krible, so mange ting eg ønske å gjera når eg har hatt nokre slappe daga etter kur..men ein kan vel ikkje berre gje opp. For eg har jo positive ting å tenkje på, og masse å vera takknemlig for.
Blant anna so fekk eg TV på rommet i går. Ungane syns sjølvsagt da e litt urettferdig..
Og so har eg snille og gode venna og familie. I går va mamma og pappa her heile dagen. Dei vaska hus og kle, klipte plenen og malte hus. Titt og ofta tikka da inn meldinga på mobilen om at nokon tenkjer på meg. Det er små ting so gleder og varmar mitt hjarte. 1000 1000 takk te alle sammen!!! :)


Detta blei visst eit langt innlegg likave, men pyttsann! Når ungane e lagt, ska eg prøva å finna strikketøy. Kanskje da kjem eit innlegg om da seinare.
Hjelpe å halda på m noko, sjøl i liggande stilling:)

Ha ei fortsatt fin veka, og tuddelidu :)

Klemmer frå Christine

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails