lørdag 27. august 2011

Hausten...




...har gjort sitt inntog på vestlandet.
Til tross for 18 grader ute,
plaskar regnet ned, tåka ligg lavt og det er mørkt og trist.




Eg er ein av dei som likar hausten.
Dugg dråpar i graset, kald luft som "stikk" i nasen,
regn og vind som piskar mot ruta.
Men så er det mørket..
Jovisst er det koseleg med levande lys, fyr i peisen og innekos.
Men dagane er jo so korte frå før...




Men i haust kan eg gleda meg over å sleppa medisin og behandling!!
Eg kan sjå fram til ein haust med frisk luft og
gåturar i skog og mark.
Eg kan legga den harde tida bak meg,
og sjå framover mot nye tider.
Jovisst er hausten ei fin tid :)




Heng håpet på veggen

Heng håpet på veggen som vakre bilete
å kvila augo på.
Ei strand, eit fjell, ein draum.
Enno er noko att, uoppdaga, uutforska.
Enno ventar lysande gleder.
                                                   
                                                                         -  Bente Bratlund Mæland -





Ønskjer alle ei fortsatt god helg!!



Klem frå Christine








tirsdag 9. august 2011

Blomsterplansje



Plansjer har lenge stått høgt på ynskjelista mi
Aller helst blomster og plante plansjer..
På eit av mine handle eventyr i ferien fant eg endeleg ein!
Eg var innom den flotte butikken Othilies gårdshandel.
Er du i nærleiken av Stavern,
du ta avstikkaren til denne vetle og sjarmerande butikken!!
(kamera var sjølvsagt tomt for batteri, så eg fekk ikkje tatt nokre bilete..)


Ein flott madonna figur fant eg også på gårdshandelen.
Den har forløpig fått plass i ein liten gammal trekasse,
saman med gamle lin servietter, putetrekk og ei gammal flaska.



Bloggelysta er ikkje på topp for tida,
men håper at den kjem gradvis tilbake utover hausten.
Har masse eg har lyst å visa deko,
så får berre ta tida til hjelp :)


Ynskjer alle som ei tipptopp veka!!



Klemma frå Christine



tirsdag 2. august 2011

Noko godt



Når ein er på ferie i Danmark,
kan ein umulig komma tomhendt heimatt.
Det gjorde iallefall ikkje eg ;)
Eg fekk med meg to bruktmarked,
og har fått tak i MASSE fint!!
Men også noko godt blei med heim.


Den etterkvart så kjente limonaden har eg sett etter lenge,
men fytti for nokre prisa eg har sett den til...
Men på ein daglegvare butikk i Hobro hadde de den til 29,- pr. flaske!!
Den søte sukkerskåla er arvegods.


Store danske kyss måtte og få vera med heim.
Eg klarar ikkje å ete dei,
men dei er jo kjempe fine som pynt :)


Dette fine serviset frå Figgjo har eg fått av snille Solveig,
ei venninna av mamma.
Ho skulle kvitta seg med det og tenkte på meg!
Heldige meg :)


Det går trott med blogginga for tida.
Og som for så mange andre i dette lille land,
har fokuset vore på dei tragiske hendingane i Oslo og på Utøya.
Kvardagen kan fort endra seg..
Alle mine tankar går til alle dei som er berørt av hendinga.


Ønske alle ein flott sommardag!!



Klemma frå Christine



LinkWithin

Related Posts with Thumbnails