..har ikkje akkurat starta slik eg ynskte..
Etter å ha vore slapp,
ingen krefter,
feber opp og ner,
hoste og vondt både her og der,
kunne legen i dag sei at eg hadde fått årets svineinfluensa.
Og om ikkje det var nok,
så var det mulig eg hadde lungebetennelse og..
snakk om svinaktig uheldig..
Då var det litt godt å finna pakke i posten då eg kom heimatt.
For berre nokre daga sidan bestilte eg nokre
Ho kreerer så mykje fint,
og er ein kløppar med symaskina :)
Bambi hjarta skal eg behalde sjølv,
medan dei andre to skal bli gåver til to fine små tantebarn :)
Når ein ikkje orkar stort anna enn å halda senga,
er det godt at augene kan kvila på noko fint.
Dei fine tulipanane insisterte minstemann på å kjøpa
til meg då han var med hanepane på butikken i går.
Han syns det var så urettferdig at mamma skulle vera sjuk att,
så han ville oppmuntra meg.
Snakk om å varma mammahjarte... :)
Samstundes minner dei meg om vår og lysare tider.
Nei, da får vera nok "klaging" og sjølvmedlidenhet for i dag!!
No skal eg slappa av med ny innkjøpt lesestoff.
Komma meg til hektene,
og satsa på at året frå no av berre kan gå ein vei!!
- Ikke be om å få et lett liv,
be om å få bli et sterkere menneske.
Ikke be om oppgaver som tilsvarer kreftene dine,
be om krefter som tilsvarer oppgavene dine -
Philip Brooks
(Eg må jo snart vera lika sterk som Pippi eg då..;))
Ønske alle ei finfin helg!!
Klemma frå Christine