tirsdag 18. september 2012

Haust

 
 
Regnet slår mot vindauge.
Vinden riv i busker og tre.
Det er ingen tvil om at hausten er her.
Det er godt å krypa under eit godt og varmt teppe,
med ein god kopp kakao.
 Gjerne ei god bok.
 
 
 
 
Haust er innekos og levande lys.
Det er fornying av putar og pledd.
I rede er årets haustfarge petrol blå.
Nye putar, gardiner og kubbelys er kjøpt inn.
Konglar er funne fram.
 
 
 
 
Formen min er på veg oppatt.
Det er godt å kunna gå ein liten tur,
nyta den friske haustlufta.
Godt å kunna klara dei mest kvardagslege tinga sjølv.
(For berre ei veka sidan måtte eg ha hjelp frå senga og på badet..)
Men no er det haust og nye moglegheiter :)
  Eg likar hausten :)
 
 

 
 
 
Ønskjer alle ein fin og haustleg tirsdag!!
 
 
 
Klem frå Christine
 
 


mandag 17. september 2012

Boklansering

 
 
 
Heile helga har eg gått å håpa,
og gleda meg.
For i dag var dagen!
Dagen då eg kunne få møta min favoritt forfattar!
Cecilia Samartin!!!!
Og JA!! Formen var bra nok :D
 
 
Og for ei herleg dama!
No var det ikkje lange køen på senterets bokhandel,
men ho tok seg tid til kvar enkelt som kom.
Prata, stilte spørsmål og skreiv helsing i boka.
Dette til trass for at ho har hatt mange dagar med reising og lansering.
 
 
Eg lese alle bøkene hennar.
Nesten alle fengjer meg like godt.
Så no er eg spent på den nye.
Dòna Maria.
Skal spara den litt,
men gleder meg masse til å lesa den :)
 
 
 
Ønskjer alle ei fin veka!!
 
 
Klem frå Christine
 
 
 
 
 


søndag 2. september 2012

Frå dromedar til kamel



For 2 år, 3 månader og 4 dagar sidan
skreiv eg eit innlegg som liknar på dagens.
Det gamle innlegget kan du lesa HER.




Morgondagen er ein STOR dag for meg!!
Ein dag eg har venta på i over to år.
To år med mykje behandling, tårer og latter.
Små og store gleder, smerter og humor.


(Sommaren 2011)

Men morgondagen inneber også spenning og "grugleding".
Denne gongen skal eg legga meg som dromedar og vakna oppatt som kamel.
Men korleis vil eg egentlig føla meg etterpå? 
Blir eg fornøgd?
Sjølv om det ikkje blir som tidlegare,
skal det uansett bli godt å få to pukklar att :)


(Sommaren 2012)

Eg vil takka alle som har støtta familien vår i tida som har vore.
Utan venna, familie, nabo og bekjente hadde tida vore tung.
Å prøva å sjå litt positivt på sjølv dei tunge stundene kan hjelpa.
Og sjølvsagt ein god dæsj humor ;)


 (Humor på sitt besta...eller versta.. 2012)

Ønskjer alle saman ei toppers ny veka,
so dukke eg plutselig oppatt :)



Klem frå Christine


 




LinkWithin

Related Posts with Thumbnails