torsdag 31. mai 2012

Sommartider



Sommar, sol og varme
har prega den siste tida.
Deilig å ta på lettare klede,
kjenna solas varme strålar på kroppen.


Men sommartid betyr og bloggtørke...
Ser det er slik for fleire.
Sommarveret og dens herlegheiter jo berre nytast!!


Ein herleg bukett smørblomar
får lysa opp i dagens bruktfunn.
Gamle mugger med limonade eller blomar,
det vakraste som fins!



Nyt denne tida, folkens!!
Det er den "bestaste" og finaste som fins :)




Klem frå Christine



mandag 14. mai 2012

Lyspunkt



Det stormar ute.
Veret minner meir om hauststorm i oktober
enn kom mai du skjønne milde..
Då er det godt å kunna kvila augene.
Kvila dei på gamle skattar.




Denne gamle fjøslykta fant eg på loppemarked i Amsterdam.
Eit fint lyspunkt i "stormande" tide.
Fint stilleben saman med gamle bøker og litt vårteikn :)


Ha ei finfin veka!!



Klem frå Christine



mandag 7. mai 2012

Eg gjekk ein tur på stien..



..og søkte skogens ro..




Ein tur i skog og mark,
er rekreasjon på sitt besta!!




Å sjå naturens mange under
og nyta fuglesang,
er det "bestaste" som fins!




Om sola skin eller sluddet lavar ner,
er turen lika god.



For her finn eg sjelero!




Ynskjer alle som stikk innom
ein fantastisk fin mandag  :)



Klem frå Christine



torsdag 3. mai 2012

Loppemarked



Det har vore tida for loppemarked mange stader no.
Sjølv har eg berre fått med meg eit lokalt loppis,
men også eit marked utanlands :)




Chiffonflaska på bilete var eit av funna eg gjorde 
på markedet i Amsterdam.
Fargen er berre heilt nydelig!
Den grønne flaska med tinnbeslag og det lille skrinet,
fant eg på det lokale loppiset i helga.




Gjorde fleire funn både lokalt og utanlands,
men må spara noko til ein an gong :)

Dårlig med blogging for tida,
men lysta går opp og ner...



Ynskjer alle ein fin torsdagskveld!




Klem frå Christine



mandag 30. april 2012

01.mai!!



Innom for å ynskja alle ein finfin 01. mai feiring :)
Her skal den nytast ute i da fine veret me endelig har fått!!




Stille og rolig her på bloggen for tida, 
men mykje som skjer og den blir litt ner prioritert..




Men nokre fine daga i Amsterdam har hatt,
og dagens bilete er der i frå :)
Kjem fleire bilete etterkvart,
for sjølvsagt var eg på skattejakt!!




Ha ein toppers 01. mai!!




Klem frå Christine



torsdag 19. april 2012

Amsterdam



Innom for å ynskje alle ei toppers helg!
Sjølv reiser eg til Amsterdam om nokre timar :)


Gåturar langs kanalane.



Besøkje blomstermarkedet.



Kanalbåt sightseeing



Shopping, god mat og godt selskap.
Dette er noko av det som står på programmet :)



God helg!



Klem frå Christine



mandag 16. april 2012

Lille Villa...



..ein nettbutikk med mykje fint
God service og superduper rask leveringstid :)




Sjølv har eg bestilt hylleknektar her,
til to forskjellige prosjekt.
Du skal få sjå når eg er ferdig :)




Lite blogging for tida,
men mykje som skjer.
Har begynt i ny jobb.
I ein fantastisk barnehage,
med fantastiske kollegaer :)
Og på torsdag reiser me på langweekend.
Amsterdam!!
Glede meg :)



Ynskjer alle ei fantastisk fin veka!



Klem frå Christine







onsdag 4. april 2012

Påske aktiviteter



I redet har me allereie hatt nokre dagar fri.
Sidan veret har vore skiftande,
har konepone funne på ulike inne aktiviteter.


Nålefilting blei utprøvd,
og fuglungane syntes dette var kjempe morro!
Ingenting å sei på kreativiteten her i gårde ;)


Maling av egg er jo ein sjølvsagthet når det er påske!
Egga blei malt i mange fine fargar,
før innholdet blei til deilig sveler :)




Ynskjer alle ein god påske!!



Klem frå Christine


torsdag 29. mars 2012

Påskepynt



Det nærmar seg påske.
I redet har egga allereie lagt til pynt ei stund
og sidan eg allereie har fått påskeferie,
fekk eg lyst på litt ny påskepynt.
Eg kokte egg ein time,
og pynta de med litt blonde og bånd.



Nokre fekk plass i eit Norges glass saman med litt gras
og eit lite kylling bilete.
Koselig og enkel pynt på kjøkkenbenken :)



Eit gammalt bur blei og tatt fram,
og fekk vårleg påskepynt.



Litt nye påske lys som eg kjøpte på Oppdal i helga,
og heimedyrka påskeliljer har fått plass på eit brett på spisebordet :)




Har du pynta litt til påske..?



Ynskjer alle ein finfin torsdag!


Klem frå Christine





torsdag 22. mars 2012

God helg!!



Innom ein kjapp tur for ønska alle
ei toppers helg!!
Sjøl reise eg til Trondheim og Oppdal i morgon :)




Bilete er av eit av mine siste bruktfunn.
Fin til oppbevaring av interiør blad.
Litt blomster og heimalaga "påske mailegg"  :)


God helge!!


Klem frå Christine



LinkWithin

Related Posts with Thumbnails