Då eg var lita,
drøymde eg om å bli ballettdansar.
Ballettsko og "strutteskjørt" stod høgt på ynskjelista.
Men det blei med draumen..
Men på loppemarked i København for ein månad sidan,
kom eg over desse velbrukte og fine ballettskoa.
Berre 20 kroner.
No manglar eg berre "strutteskjørtet",
so kan eg leika "prima ballerina" når eg er åleine heima ;)
Ellers går det i eitt her i redet.
Eg står på hovudet i kofferten.
Jobbar, og må prøva slappa av inni mellom slaga.
Hadde min 21. kur i går,
og no har eg berre 5 att!!
Da nærme seg slutten på behandlinga :)
Ønskjer alle ein fortsatt toppers onsdagskveld :)
Klemma frå Christine