tirsdag 21. juni 2011

Sommar og hundekjeks



Dagen i dag har berre vore heilt utruleg!!
Om det er fordi eg har knaska hundekjeks..?
Nei, langt i frå!

I eit sausenebb på skjenken i stova

Men me har hatt ein smak av kva sommaren kan by på.
Sol, varme, t-skjorte..
I love it!!

I ei gammal mugge på kjøkkenbenken

Eldstemann og eg er aleine heime nokre dagar.
So i dag for me inn til Bergen sentrum for å "snuse" litt på livet.
Og jøsses so turistane koste seg!
Reker, laks, kreps og andre godbitar for ned på høg kant på Bryggen.
Sjølv åt me på MC Donalds..
Men tok ein is ute i den herlege sola.
I eit glas på "benken" på badet

På gåturen heimatt frå toget,
plukka me ein bukett med herlege hundekjeks,
storknebb og smørblomst.
Dei gleder oss no rundt omkring i huset :)
Før syns eg hundekjeksen var ugras,
Medan no tykkjer eg dei er sommarslege og fine.


Ønskjer alle ein flott sommarkveld!!



Klemma frå Christine



1 kommentar:

liven sa...

Jammen har det vært en fin dag ja.....deilig å ha fri slike sommerdager :)
Koselige bilder Christine!

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails