Viser innlegg med etiketten Stova. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Stova. Vis alle innlegg

onsdag 8. juni 2011

Stova vår



Eg har vist bilete frå stova vår før,
men det har stortsett vore bilete av detaljar.
I redet er det ikkje kvite fine møblar som regjerer.
Her er det teak og trefargar med lyse detaljar innimellom.
Eg har nok vore litt "redd" for kva andre syns om innredninga vår,
og derfor ikkje vist oversiktsbilete..
Men no tar eg mot til meg og viser nokre.
Stova vår går over to plan,
og her kjem "best stova" som me likar å kalla den ;)


Beststova/sofakroken vår.
Eg ynskjer meg ein litt lysare sofa..
Bilete over sofaen har eg laga sjølv,
og nokre av putane er sjølvlaga.


Gamle bilete av kjente og ukjente slektningar kan du finna både her og der.
Gamle skattar eg har funne på loppemarknad- eller fått.
Ting som har ein historie tiltaler meg.
Dei blir kjære skattar :)


Skatollet har besten laga.
Det er nok eit av favotitt møbla mine.
Her kan eg slappe av med maling, smykke laging,
teikning, sying- rett og slett min kreative plass:)
Det har fått plass i ein liten krok.
Ein stor skatt.


Jada, her bur unga og,
og da vises.
Legobyen er ikkje alltid lika kjekk å ha midt i stova..
Men jammen har både store og små glede av den ;)
(jadda, støvsugaren og.. ;))
Pianoet har stått på kommunehuset her i bygda,
og kjøpt på lokalt loppemarknad.


Me trivst her i "best stova" vår,
og det er jo det viktigaste :)


Takkar for alle koslege og fine kommentara ang
oppgradering av pallen.
Varmar at andre syns de eg gjer også er fint :)


Ha ei fortsatt fin veka!!


Klemma frå Christine



 

søndag 25. april 2010

Lego og søndagskveld

I dag har mesteparten gått med til å vera på håndball cup med eldstemann. Kjekt å sjå kor unga kan kosa seg på banen, og gleda seg øve andre sine prestasjona!

Ellers i dag har da vorte bygd litt lego. Vår mellomste fugleunge ELSKAR lego, og har innvadert stova sia jul. Da e ikkje alltid lika kjekt når da ligg strødd med klossar og småmenn praktisktalt øve alt..so i går fekk han ei gave frå meg. Ein gammal koffert kjøpt på loppemarked.


Den store opne legokassen blei bytta ut med den ganle kofferten. Kofferten hadde reim i lokket, so her kan han oppbevare dei store bretta so som regel ligg strødd. Han blei kjempe fornøyd, og mamma og. No rydde han faktisk opp etter seg når han er ferdig, legg klossar han ikkje buke opp i kofferten. Ventar me besøk, eller konepone vil ha det litt ryddig, ja så lukker me den berre :)

Ellers har eg fått sydd meg ein fleece kjole, kjem kanskje i eit anna innlegg. No e da slutten på ein spennande Brann kamp og kroneis :)

Ønske deko alle ein fin søndagskveld.

Christine

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails