torsdag 8. april 2010

Dagen i dag

Sidan det går litt treigt med tapetseringsprosjektet (syns iallefall konepone), får eg skriva litt om andre ting eg har gjort i dag. For eg e nemlig so heldig at eg e nabo med såpeverkstedet Savona som Magny frå Magny`s lille- krinkelkrok driv. Ho lage so utrulig flotte og gode såper! De fleste ska eg gje vekk. men eg må sjølvsagt behalda nokre sjøl, so no lukte da kjempe godt på badet vårt :) Eg anbefale alle å ta turen innom nettsida å sjå- og bestilla :)


Ein anna kjekk ting i dag, var at då eg kom heim frå jobb, trøtt og sliten, låg da ei pakka der til meg! Den va i frå Villa Klaraberg. For i påsken vant eg i give awayen ho hadde. Eg blei sooo glad då eg opna pakken, for den va berre heilt i min smak! So 1000 takk te deg :)



 
Eg veit akkurat kor eg ska ha da, og dukke nok opp på bilde seinare.

 
Ha ei god natt alle sammen :)

Ingen kommentarer:

LinkWithin

Related Posts with Thumbnails